Hans Martin Austestad «toppa» plakaten, og fekk æra av å avslutta den stemningsfulle konserten. Fusingen var flydd inn frå den nye heimstaden sin, Sandefjord.
Hans Martin Austestad «toppa» plakaten, og fekk æra av å avslutta den stemningsfulle konserten. Fusingen var flydd inn frå den nye heimstaden sin, Sandefjord. Foto: Camilla Kvamme

Magisk stemning ved fossen

Initiativtakar Morten Holmefjord skildrar søndagens konsert i Koldalsfossen som ein stor suksess. Hardingfeletonar, gitarimprovisasjon, banjospel og gode historier var noko av det publikum kunne kosa seg med i skumringa.

Hans Martin Austestad var blant namna på plakaten. Han var importert rett frå Sandefjord til Margarinfabrikken Viking i Eikelandsosen, nett som det animalske fettet då smørfabrikken var i drift.

– Farfaren min lagde smør her i lag med tre andre. Det animalske fettet kom frå kval, og vart importert frå Sandefjord. No bur eg i Sandefjord, sa han før han gjekk i gang med den første låten.

Turte ikkje spela Fossegrimen

«Vennelaget for Koldalsfossen», med Morten Homefjord i spissen, tok initiativ til konserten. Holmefjord hadde eigentleg planar om å seia ein heil del før ha sleppte Daniel Gjøen Andersen til på scena. Men hugselappen låg att heime.

– Det som står på denne lappen skjønnar eg ingenting av, sa Holmefjord til latter frå dei frammøtte.

Konferansieren sytte likevel for å takka nokon av dei som har bidrege til at konserten vart ein realitet. Eigar Franck Andersen, Viggo Nonås og Synnøve Lien, som har rydda vegen fram til margarinfabrikken, og William Lindborg, som stod for lyssetting av fossen og lokala, samt god lyd frå musikarane.

I samband med konserten vart bade Margarinfabrikken Viking og Koldalsfossen lyssett. Dermed var det lett å finna vegen.
I samband med konserten vart bade Margarinfabrikken Viking og Koldalsfossen lyssett. Dermed var det lett å finna vegen.
Magni Rosvold sytte for at vakre hardingfeletonar strøymde ut over området. Fossegrimen lét ho rett nok liggja.
Magni Rosvold sytte for at vakre hardingfeletonar strøymde ut over området. Fossegrimen lét ho rett nok liggja.
Søndagens konset ved Koldalsfossen vart ei stemningsfull oppleving for dei frammøtte.
Søndagens konset ved Koldalsfossen vart ei stemningsfull oppleving for dei frammøtte.
Daniel Gjøen Andersen stod også på scena. Han spela ein eigen versjon av "Let it be" og improviserte.
Daniel Gjøen Andersen stod også på scena. Han spela ein eigen versjon av "Let it be" og improviserte.

Magni Rosvold var spent på korleis hardingfelestrengane, som er laga av sauetarm, ville reagera på fossen og temperaturen ute. Ho hadde først tenkt å spela Fossegrimen, men fann ut at ho ikkje turte.

– Kanskje kjem han og tek sjela til oss alle, sa Rosvold før ho framførte ein vals av Knut i Luren, ein spelemann frå Hålandsdal, i staden.

– Gode tilbakemeldingar

Austestad avslutta konserten med songar frå fleire av albuma han har gjeve ut. Musikaren serverte òg ei historie om kva han og kompisane hans bedreiv tida si med i Eikelandsosen i ungdomen. Essensen i historia var ei Zalo-flaske og ein bekk, som sidan utvikla seg til kilovis med vaskepulver og ein foss.

– Vi hadde sett føre oss at heile fjorden skulle skumma over, men det skjedde absolutt ingenting, sa Austestad og la til:

– Moralen i historia er: Vi hadde ingenting å gjera på. Sørg for å gje ungdomen eit tilbod, så slepp dei å hella Zalo i bekken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagen derpå er Holmefjord godt nøgd med gjennomføringa av arrangementet. Nøyaktig kor mange som fekk med seg konserten, er han ikkje sikker på, men han tippar at det var mellom 100 og 150 personar.

– Konserten var ein stor suksess. Tilbakemeldingane har vore gode, og det er tydeleg at folk vil ha meir av dette. Musikken var fin, stemninga god, og vi har fått det til nesten utan å bruka ei krone. Tenk kva vi kunne fått til med litt pengar, seier han.

– Det hastar å redda taket

Venelaget har inngått ein intensjonsavtale med eigar Franck Andersen om å kjøpa Margarinfabrikken Viking. Det bør ifølgje Holmefjord skje ganske raskt slik at ein får redda taket og «kjøpt» seg litt tid.

– Det er mange som ser verdien av bygget. Fossen og fabrikken er jo faktisk indrefileten i tettstaden Eikelandsosen, og indrefileten står der nesten urørt. Vona er at det er verksemder, eller enkeltpersonar, som ønskjer å hjelpa, og at vi kan få eit rentefritt lån i nokre år, seier Holmefjord og legg til:

– Å redda fabrikken er eit langt lerret å bleika. Nokre ting hastar meir enn andre.

Venelaget har førebels ikkje planar om nye konsertar, men nokre sprell før jul vert det.

– Det er viktig å ha det kjekt inni mellom arbeidet, påpeikar Holmefjord.

camilla.kvamme@osogfusa.no