Kunstnar på besøk: Hege-Elisa Hauge har vore på Hegglandsdalen barneskule denne veka for å måla med elevane.

Meiner at det er for lite fokus på kunst i skulen

– Kunst blir nedprioritert, meiner kunstnar Hege-Elisa Hauge.

Denne veka har Hauge vitja Hegglandsdalen barneskule. Der har elevane fått prøva seg som målarar. Hauge har tilknyting til skulen ved at ho har born som har gått der, og eitt born som framleis er elev på Hegglandsdalen barneskule. Denne gongen har ho invitert seg sjølv til skulen.

– Det var eg som tok kontakt, ja. Eg kjem gjerne til andre skular også. Det hadde berre vore kjekt om fleire ønskte opplegg som dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hauge skildrar seg sjølv som ein eldsjel for kunst i skulen.

– Eg meiner det er for lite fokus på kunst i skulen. Det blir nok litt nedprioritert.

Då Os & Fusaposten var innom skulen onsdag, var det 3.- og 4.-klassingane som var i ferd med å avslutta sine prosjekt. Kunstnaren viste korleis dei skulle gjera det, før elevane sleppte til. Resultata kan ein sjå i biletserien under.