…og alle elska verkeleg korps

“Alle elskar korps - anten dei veit det eller ikkje”. Tittelen på konserten til Os skulekorps og Lyshornet skolebrass var ambisiøs på grensa til hovmodig, men etter ståande applaus og ekstranummer, hadde korpsa sine ord i behald.

Med appell til både entusiastar og andre, rekte korpsa ut ei hand til dei som enno ikkje har oppdaga korpsmusikken. For som konferansier Siri-Linn Schmidt Fotland sa i innleiinga:

– Denne konserten er for dykk som elskar korpsmusikk, og for dykk som enno ikkje veit at de elskar korpsmusikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

En cola med kaffe, takk

Deretter gjekk det slag i slag med musikk av komponisten Nicklas Aiwe Öhgren. Med fengande musikk, og hysteriske låttitlar som “General Geir” og “En cola med kaffe, takk”, gjorde skulekorpsa ein særs underhaldande konsert, med mykje humor og glimt i auga.

Først ut var aspirantane frå begge korpsa, saman med deltakarar i prosjektet “Korps i skulen”, der skuleelevar frå skulane Lysekloster og Kuventræ får undervisning i å spela kornett.

To korps på scena

Scenen i Oseana var rigga slik at det vart plass til junior- og hovudkorps på scena samstundes. Dermed vart det mogleg å veksla mellom hovudkorpset og juniorkorpset utan å rigge om. Og innimellom kom aspirantane og stilte seg på rekkje på scenekanten og viste ei enorm speleglede. Eit spennande grep, som fungerte veldig bra.

Battle: Slagverkarane slo mot kvarandre i ein “tromme-battle”.

Allsang og tromme-battle

I tillegg bevegde musikantane seg rundt på scenen. Som då blåsarane kom gåande inn frå sida under stykket “Her kommer korpset”, eller då slagverkarane slo mot kvarandre i ein “tromme-battle”.

Innimellom var det innslag av song, og endåtil allsong under tittelmelodien “Alle elsker korps”.

Underhaldande og engasjerande for ein halvfull Oseana-storsal.

Med seg på scena hadde korpsa Olav Skorpen, Knut Vidar Garlid og Steinar Lyssand, på henholdsvis bass, tangentar og gitar. Dei heldt kompet og gav litt ekstra musikalsk farge på ein elles flott konsert.