God utstikt: Kor mange høgdemeter må ein forsera for å få denne utsikta?

Os & Fusaposten inviterer til koronafri quiz for unge og gamle

Litt hovudtrim og konkurranse kan kanskje vera greit å sysla med i løpet av desse dagane. Hiv deg med i Os & Fusaposten sin quiz.

Med dagens teknologiske hjelpemiddel kan ein sjølvsagt googla seg fram til det meste ein lurer på. For å hindra at ein kan gjera det på kvart spørsmål, legg me inn nokre heilt lokale spørsmål og oppgåver, som me er rimeleg sikkre på at ein ikkje finn svar på på nettet.

Me startar med litt høgdetrening:

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Om du går til toppen av Liafjellet (varden), kor høgt oppe er du då?

2. Om du deltek i Ottanosi Duathlon, kor høgt oppe er du då på det høgste punktet (Ottanosi-toppen)?

Så litt djupnetrening:

Kor djup er fjorden: Kor djup er Bjørnafjorden?

3. Kor djup er Bjørnafjorden på det djupaste?

4. Kva får ein om ein «kryssar» ein osing og ein fusing?

Så litt sosiale medium-spørsmål?

5. Kva er det meir kjende engelske ordet for «emneknagg»?

6. Kva er Tiktok?

Artikkelen held fram under annonsen.

7. Kva kallar ein desse små raringane 😀😬😬?

Litt kyrkje-stoff:

8. Det vart for litt sidan hyppig diskutert kor høg Os kyrkje er. Kva mål var det elevane ved Os ungdomsskule kom til då dei målte høgda med drone?

Holdhus kyrkje: Når vart ho reist?

9 Når vart Holdhus kyrkje reist?

Fotball må til:

Eikelandsfjordens gullgenerasjonar: I kva turnering vann desse jentene gull?

10. Eikelandsfjorden jenter 15 og Eikelandsfjorden gutar 16 gjekk til topps i ei innandørs fotballturnering i vinter. Kva var namnet på turneringa?

Hausta heider: Henrik Tiger Sandtorv, Nikolai Harris, Svein Kollen, Bjørn Kollen og Ruben Hetlevik fekk gleda av å motta pris på fotballgallaen i Bergen i fjor haust.

11. Lysekloster IL vart tildelt pris under fotballgallaen i Bergen i fjor haust. Kva pris fekk dei?

Utmerkar seg: Ole Martin Kolskogen har imponert i Brann, men i kva rolle spelar han?

12. Han har imponert veldig på Branns treninger i vinter. Kva plass er det Ole Martin Kolskogen er aktuell for på eliteserielaget frå Bergen?

Artikkelen held fram under annonsen.

I toppdivisjonen: Kva år var dette laget i topdivisjonen i fotball?

13. Sagnomsuste Os Turn fotball fylte år 100 år i fjor. Når var A-laget på øvste nivå i Noreg (Det som i dag er eliteserien)

Så til litt ekstra lokalt:

14. Kva heiter butikken som ligg under Os & Fusaposten sine lokale på Osøyro?

15. Kor mange trappetrinn er det opp til lokalet vårt: a) 20, b), 22, c) 24?

Scenvand dame: Kor mange revyoppsetjingar har Linda vore med på, trur du?

16. Vår kjære grafiker Linda Nytræ har jobba i lokalavisa sidan 1989. I tillegg har ho bak seg ei lang og innhaldsrik karriere som revy-skodespelar. Kor mange heilaftans oppestjingar har ho vore med på?

a) kring 20, b) kring 30, c) kring 35

17. Kva heiter journalist Benjamin Søgnen Olsen sin firbeinte ven?

Namnet: Kva heiter denne luringen?

a) Tripi, b) Zidane, c)Billie

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokal kultur:

Kva bygd: Kva er Emil Nordtveit vaksen opp i?

18. Mighty Magnolias frontfigur Emil Nordtveit er frå denne bygda?

a) Drange, b) Holmefjord, c) Sævareid

19. Kven av desse artistene er klar for Folk & Fjord-festivalen?

a) Susanne G, b) Astrid S c) Odd Nordstoga

Kva film: Aurora syng i kva kjende film?

20. Aurora syng på soundtracket til denne store filmen?

a) Frost 2, b) Froggy 1, c) Askepott 14

Svarfrist måndag 23. mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Send svara på epost til post@osogfusa.no innan søndag kl 23.59, og ver med i trekkinga av remser med Flax-lodd:)

Lukke til!