Godstemning: - Målet er å laga lokal feelgood-fjernsyn for heile familien, seier Anne Marie Aarøen Vangsnes og Kenneth Svenningsen som har fått oppdraget med å losa sjåarane gjennom den lokale «Kvelden før kvelden»-sendinga.

Os & Fusaposten inviterer til lokal julesending 22. desember

Tysdag 22. desember vert det lokal førjulssending med gjester, mat og underhaldning på nettsidene våre osogfusa.no.

Etter ein spesiell haust og med ei julefeiring som uunngåeleg vert prega av korona ho også, inviterer lokalavisa - som eit bidrag til å lysa opp i juletida - til julesending frå Lyngheim med lokale gjester, mat og underhaldning.

Sendinga ser du på nettsidene våre osogfusa.no tysdag 22. desember kl 20.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anne Marie Aarøen Vangsnes og Kenneth Svenningsen har fått oppdraget med å losa sjåarane gjennom den lokale «Kvelden før kvelden (før kvelden)»-sendinga.

- Målet er å laga lokal feelgood-fjernsyn for heile familien, seier Aarøen Vangsnes og held fram:

– I ei jul der vi må halda oss på avstand, også frå dei vi er aller mest glade i, er det ekstra viktig å møtast til felles opplevingar, om så via skjermen. For jul blir det, uansett!

I sofaen i studioet på Lyngheim får ho og Svenningsen mellom anna besøk av Ibrahim frå Syria som snakkar kav fusing og har brunost på skiva. Han kjem ilag med sine to gode hjelparar, Mette Holmefjord Olsen og Ole Bjørn Eikeland. Korleis er det å feira jul i eit framand land, og kva gjorde at Mette og Ole Bjørn opna heimane og jula for ein ung mann frå Syria?

Ann Christin Nøss vert «utegåande» reportar og skal i lag med Yolandi Carr gje oss tips til mat, borddekking og pynting.

I tillegg kjem både ordførar og assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale, Brynjar Øvstedal og Tore Kleppe, Rolland-familien og den nye kapellanen i Os. Blant andre.

Det vert konkurransar for store og små, reportasjar, song og musikk. Rampenissen har også meldt sin ankomst, så alle born må følgja ekstra godt med. Dei kan nemleg vinna fine premiar om dei får med seg kva han finn på undervegs.

PS: Me vil svært gjerne krydra julesendinga med julehelsingar! Har du nokon du gjerne vil senda ei helsing til? Ei bestemor eller ein bestefar, ei tante eller ein onkel? Eller kanskje ein ven du ikkje får sett i jula, eller som bur langt vekke?

Artikkelen held fram under annonsen.

Send videoen til post@osogfusa.no eller som melding på Facebook-sida vår www.facebook.com/osogfusaposten

Frist søndag 20. desember:)