Oselvaren i vinden

Oselvarlaget kan i årsmeldinga for 2016 melda om mange trufaste medlemer, gode leigeinntekter og mykje positiv merksemd rundt oselvarbåten.

wenche M. Eriksen

wenche.eriksen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvar tysdag kveld samlar os- elvar-entusiastane seg i klubblokala i Oselvarnaustet for å preika og jobba dugnad.

Er det nokon som har lyst å vera med på slike dugnadskveldar, eller ynskjer å læra meir om oselvaren, må dei berre koma innom, seier skrivaren i laget, Per Rød.

Oselvarlaget er registrert med 131 betalande medlemer, det same talet som i 2015. Sjølv om nokre av medlemene går ut eller fell frå, er tilgangen på nye medlemer såpass god at ein opprettheld eit stabilt medlemstal i laget.

Ifølgje årsmeldinga har laget sluppe unna uforutsette vedlikehaldsutgifter i 2016, noko som tryggjar økonomien og gjev rom for framtidige oppussingsprosjekt.

Oselvarlaget eig for tida åtte vanlege oselvarar, fire seksæringar og tre færingar av kapproingstypen.

Båtane er mykje brukt, m.a. under dei faste oselvar-dagane til niandeklassingane i Os og andre arrangement. Den eine oselvaren er utstyrt med spri-segl og er mykje nytta under opplæring i segling.

Utleige av lokale og rampe

Inntektene til Oselvarlaget kjem først og fremst frå utleige av klubblokala i 2. etasje i Oselvarnaustet, og frå utleige av sjøsettingsrampe utanfor naustet.

Beste vernepraksisar

1. desember 2016 kom den gode naboen og samarbeidspartnaren til Oselvarlaget, Oselvarverkstaden, på UNESCO si liste over beste vernepraksisar (Best Safeguarding Practices). Dette har dei oppnådd gjennom sin unike kunnskap og målretta arbeid for å halda den gamle båtbyggjartradisjonen i Os i hevd. Oselvarvarverkstaden er dermed ein av tolv tiltak frå heile verda (fire frå Europa) som no står på verdsarvlista.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oselvarbok og -øl

I fjor gav forfattaren Kjell Magnus Økland ut boka «Oselvar - Den levande båten» (Skald forlag). Oselvarlaget vart engasjert i ymse arbeid i samband med lanseringa av boka. Medlemer i laget var med og informerte publikum om dei utstilte båtane, både i Os, på Torget i Bergen og på Hordamuseet.

Eit nytt øl med namnet «Oselvar» vart også lansert i fjor. Ølet er laga av eit lokalt bryggeri, og på etiketten er det bilete av oselvarseglbåten «Måken» med tre av oselvarlaget sine medlemer om bord - medan eit anna medlem står bak kameraet.

Sundag 12. mars har Oselvarlaget kalla inn til årsmøte. Dei som sit i styret i dag er leiar Egil Rundhovde, kasserar Asbjørn Jonassen, skrivar Per Rød og styremedlemene Asbjørn Kristiansen, Gunnar Furnes, Rune Søvik og Berit Namtvedt.

Det er ikkje venta dei store utskiftingane i styret.