Stemningsfull drive-in-kveld på Røykenes.
Stemningsfull drive-in-kveld på Røykenes.

Rekord for drive-in-kinoen

For tredje året på rad bydde ER-AN Veikro på drive-in-kino i haustferien. I år vart det rekord-besøk

Ein treng ikkje dra over atlantaren for å oppleve god gamaldags amerikansk kultur. ER-AN veikro har stått for drive-in kino dei tre siste haustferiane. Denne vekas framsyningar på Røykenes, har vore dei beste.

Påverknaden frå USA har no for alvor kome til Os. Det amerikanske fenomenet drive-in kino har i løpet av veka vore godt testa ut på Er-An veikro. Har du sett 70-talls filmen «Greace», veit du kva me snakkar om. I USA har nemleg konseptet eksistert i 80 år. På Røykenes har dei plass til litt meir enn 20 bilar per framsyning, og osingane har strøymd til for å få sjå kino frå framsetet i ein bil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Film i regnet

«Os og Fusaposten» fekk med seg den nest siste framsyning torsdag kveld.

Kinolerretet sto klart då bilane svingte inn på parkeringsplassen. Vindaugsviskarane måtte stå på grunna været, men det lyt ikkje til å gjera noko. For å få lyd var det berre til å skru inn på ein bestemt radiokanal. Dette var det fleire som sleit litt med, men med god hjelp frå vaktane gjekk det bra for alle.

I løpet av denne veka viste dei fire filmar - «The Last American Hero», «Shrek», «The Fast and The Furious» og «Børning». Shrek vart til og med vist to gonger.

- Det var fleire her i går, fortalde ein av vaktane som sto ved innkjørselen. God stemning var det uansett.
- Det var fleire her i går, fortalde ein av vaktane som sto ved innkjørselen. God stemning var det uansett.

Under kvar visning det hyggelege servitriser rundt og banka på bilvindauga for å selja popcorn og brus. Det var nesten som å vera i USA.

Stornøgd

Dagleg leiar Linda Andersen er stornøgd med beøskstala og tilbakemeldingane denne veka. Ho fortel at ER-AN Veikro stadig ikkje tener noko særleg på desse visningane, men at dei no har fått ned kostnadane, takk vere samarbeid med BIFF (Bergen Filmfestival), og at kino-kveldane no går sånn noko lunde rundt.

- Hovudgrunnen til at me har dette drive-in-arrangementet er fordi me synest det er veldig kjekt, og at me unnar osingane ein slik spesiell oppleving, seier Andersen.