Kristian Breivik Gjøen og Karoline Breivik er blant dei som søkjer Os kommune om KUP-midlar.
Kristian Breivik Gjøen og Karoline Breivik er blant dei som søkjer Os kommune om KUP-midlar. Foto: Kenneth Svenningsen, arkiv

Rekordmange søkjer kommunen om utviklingsmidlar

Heile 86 søknader om KUP-midlar til ein samla søkjesum på over 3 mill. kroner er komne inn. Sjå heile lista over KUP-søknader her.

Kvart år deler Os kommune ut ein million kroner i eit eige kultur- og utviklingsprogram (KUP). Over åra har stadig fleire søknader kome inn, og i 2018 vert ein ny rekord slått. 86 søknader gjev ein samla søknadssum på 3.171.545 kroner.

– Dette er eit klart signal om at KUP-midlane har vore og er eit viktig insitament for dugnadsinnsatsen innan lag og organisasjonar i kommunen. Det er også fleire gode søknader om tilskot til profesjonelle kulturelle produksjonar. kommenterer kultursjef Lisbeth Axelsen i saksutgreiinga til formannskapet.

I formannskapet neste veke vert tildelinga gjort. Her er lista over alle prosjekta det blir søkt om midlar til:

ol@osogfusa.no