annonse

Sjølvaste Bente Bratlund

: Forfattarkarrieren til Bente Bratlund tok ikkje til ved eit kafébord, men under eitt. - Når eg skriv er eg heilt i mi eiga verd. Folk må ikkje tru at eg er overlegen. Eg er rett og slett ein annan stad, seier ho.
:
:
:

Forfattarkarrieren starta med å tjuvlytta til samtalar bestemora hadde om smått og stort i osbygda. I år feirar Bente Bratlund 40 år som forfattar.

  • Øystein Lid

Ein kritikar omtala Bente Bratlund som ein av skandinavias fremste barnebokforfattar. Det var i Sverige, der ho har hatt stort gjennomslag. I tillegg er bøkene hennar omsett til dansk og færøysk. Sjølv om det er kjekt å bli verdsett i utlandet, er det likevel noko eige med lokal merksemd. Då lokalavisa for Etne og Vindafjord, Grannar, skulle presentera forfattaren før ein diktkveld vart ho omtala som "sjølvaste Bente Bratlund".

- Eg har aldri vore sjølvaste før, så då fekk eg ørlite prestasjonsangst, smiler Bratlund.

Kunsten å stela sitat

Me møter forfattaren på Kafe Engeliné, som er som ei skrivestove nummer to for Bratlund.

- Å skriva kan vera einsamt. Så det å ha menneske rundt seg når du skriv kan vera fint. Og så er eg ein ramn til å stela sitat frå dei som er rundt meg. Eg plar seia til skuleborna at dei må vera forsiktige med kva dei seier på bussen dersom eg sit bak dei, smiler ho.

Men når ho skal skriva om noko som er tungt og vanskeleg, har ho lært seg at ho må halda seg vekke frå offentlege stader.

- Eg sat på ein kafé i Bergen og skreiv om ei tung scene i ein av romanane mine. Med eitt oppdaga eg at alle sat og såg på meg. Eg hadde sete og sukka og okka meg og tydeleg vore opprørt medan eg skreiv. No skriv eg slike ting heime, fortel Bratlund.

Kom heim att

I 2016 gjorde ho osing av seg att etter fleire år utanbygds. Sjølv om ho hadde vore spent på det etter å ha skrive bøker med sensitiv tematikk, opplevde ho det som berre godt å koma heim.

- Ein merkar at det er her ein har røtene sine. Her har eg familie, og her har eg nokre gode vener. Det er også noko eige med å gå opp att dei gamle stiane. Gjennom Likbrekko gjekk eg til skulen. Oppe med Chr. Michelsens barnehjem i Mobergslia hadde eg fleire gode veninner, og var på besøk ved juletider. Ein del minne blir sterkare når eg er heime, seier ho.

- Ser du annleis på osingane etter å ha budd vekke lenge?

- På Toten var folk meir innåtvende. Men det er vanskeleg å samanlikna. Ein ting eg merkar er jo at det er annleis å vera forfattar "der ute" og her heime. Her kjenner folk deg med heile historikken din, men når eg er ein annan stad, er det i større grad forfattaren folk møter, seier Bratlund.

Under bordet til "Madlo"

Som forfattar har ho vore svært produktiv. Omtrent kvart einaste år har det kome ut romanar, ungdomsbøker, barnebøker og diktsamlingar. I Sverige har ho dessutan gjeve ut ei rekkje bøker som ikkje er komne ut i Noreg. Men korleis starta det heile?

- Eg brukar å seia at diktaren i meg vakna under bordet til bestemor. Madlo i Solbakken kalla folk henne for. Ho jobba som kokke, og reiste rundt og laga mat i bryllaup og barnedåpar. Ho var veldig sosial og praten, og sat ofte ved bordet og snakka med venene sine om nytt i bygda. Då sneik eg meg lydlaust inn under bordet, og sat eg der musestille fekk eg høyra mykje som eg elles ikkje ville høyrt. Mykje forstod eg ikkje - og då tok eg til å fantasera og dikta for å fylla ut tomrommet, fortel Bratlund.

Frå Os gymnas til Oseana

Då ho begynte på Os gymnas vakna skrivegleda til live for alvor. På den tida var kveldar med visesong og lyrikk veldig i vinden, og Bente var snart ein gjengangar.

- Ein musikarven, Oddgeir Bjelland, sa ein kveld til meg: Kvifor prøver du ikkje å senda inn noko av det du har skrive til eit forlag?

Og slik vart det. Ho vart antatt omtrent med det same, og dermed såg den første diktsamlinga, «Lukkelege båt», dagens lys. Det var i 1977, som altså i år er 40 år sidan.

- Korleis skal jubileet markerast?

- Eg er så heldig at regissør Frøydis Flotve tilbydde seg å laga ei framsyning i Oseana med dans, musikk og dikt basert på utdrag frå alt eg har skrive. Det blir i oktober. Eg gler meg veldig til det, fortel ho.

Facebook-forfattar

Medan andre forfattarar tek lange pausar frå forfattargjerninga eller får skrivesperre, har Bente sjeldan kjent på dette.

- Eg har tenkt mykje på det, kvifor det er slik. Det er eit slags innvendig trykk som gjer at eg stadig må skriva.

- Ofte legg du det ut direkte på Facebook, også?

- Ja, den umiddelbare kontakten med lesarane er veldig inspirerande. Eg har 1.500 personar som følgjer med på dikta mine. Dikta eg legg ut der er ofte kvardagslege, noko eg har opplevt, men dei peikar gjerne vidare mot noko større også, fortel ho.

ser på regnet

og på den slitne busken

det er grått der ute

men lauvet dansar

brunt og vissent

dansar det i vinden

livskraft handlar ikkje

om årstider og ver

her gjeld det å få på seg

støvlane og koma seg

ut og dansa med!

Som mest levande

I 2015 vart Facebook-dikta gjeve ut i ei eiga diktsamling, kalla «Frå min veranda». Også i jubileumsåret kjem Bente ut med ny bok. Denne gongen ei barnebok, «Svikta», som handlar om ei jente som set ut rykte om far sin etter at han seier at han ikkje kan koma på ei avslutning, og korleis ho reagerer når han likevel kjem.

- Kva er det du likar best med å vera forfattar? Er det alle tilbakemeldingane?

- Å, nei. Det er sjølve skriveprosessen. Det å fanga ein tanke eller ein situasjon og få det ned på papiret. Det er noko veldig fysisk for meg å skriva. Då er eg i ei heilt eiga verd. Sjeldan kjenner eg meg så levande som då, avsluttar Bente Bratlund.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut