Kunne gå hardt for seg: Her kunne det ofte gå hardt for seg. I beste fall sat snakketøyet laust når ungdomar frå Os og omegn møttest på dans i Fjellheim. I verste fall barka dei saman.

Slåttekar på Hauge, gamle shadowband og dansane i Fjellheim

På 60-talet var det to ting som sette Os på kartet. Den eine var skulestriden. Den andre var dansane i Fjellheim

Det har vore mykje snakk om Fjellheim dei siste åra. Då Os fekk den nye storstovo Oseana, har Fjellheim vorte ein kasteball, og osingane har ikkje heilt kunna einast om kva den vidare lagnaden skulle vera.

Sjølv om det tidleg vart sagt høgt at huset skulle seljast og gå inn i finansieringspakken for det nye kulturhuset, så har dette drege ut. Mange har sterke kjensler for huset, og har hatt eit ønske om at det skal bestå i ei eller anna form. Foreininga ¨Bevar Fjellheim¨ har engasjert seg i dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit vedtak i kommunestyret i februar 2018 avgjorde imidlertid at eigedomsutvalet får fullmakt til å selja huset og eigedomen til høgstbydande for å skaffa pengar til å betala ned litt av Oseana-gjelda.

På 50- og 60-talet var det andre tider for Fjellheim. Sjølv har eg mange minne. Mest alle større arrangement gjekk føre seg i Fjellheim: Julatrefestar, kino, skuleforestilling, skuleball og laurdagsdans og sikkert mykje meir. Mellom anna nytta fleire ensemble Fjellheim som øvingslokale.

No var det slik at det var to ting som sette Os på kartet på 60-talet. Det eine var skulestriden, dvs. kor den nye ungdomsskulen i Os skulle liggja. Ikkje alle var einige i at bygningane skulle okkupera delar av prestegarden, og at området til skuleplassen skulle takast av fine slåtteteigar. Dette skreiv Bergens Tidende mykje om. Diskusjonen gjekk heftig på kommunestyremøta. Likevel var det jo nettopp slik det blei.

Usemje: Ikkje alle var einige i at skulebygningane skulle okkupera delar av prestegarden, og at området til skuleplassen skulle takast av fine slåtteteigar.

Den andre saka som sette Os på kartet, var dansane i Fjellheim. Her kunne det ofte gå hardt for seg. I beste fall sat snakketøyet laust når ungdomar frå Os og omegn møttest. I verste fall barka dei saman.

Somrane på 60-talet var fine, og dei blir i grunnen betre og betre for kvart år som går. Eg hadde aldri nokon sommarjobb i ungdommen. Feriar var bundne opp til slåttearbeid heime på Hauge. Kvardagen gjekk med til å slå og køyra gras i silo, trakka i same siloen, hesjing, brøying og køyra inn tørrhøy. I starten nytta vi hest og høyvogn. Etter kvart kom det traktor på tunet. Vi kjente nok på dette som eit heft den gongen. Men i ettertid ser eg på det som eit fint liv. Dessutan så fekk vi del i kunnskap som mange born og unge idag ikkje har peiling på. Eg lærte mellom anna å slå med langorv. Å læra seg den spesielle teknikken i det du drog den skarpe ljåen mot doggvått gras, kunne ta tid. Men når du kunne dette, var det nett som å skjera i smør.

Og nokre av mine vener misunte meg dette livet. Dei som var frie og kunne bruka tida på ferie og slaraffenliv, fekk seg i staden jobb som slåttekarar hos oss, dei óg. Vi var særleg fire kameratar som jobba saman.

Midt på dagen hadde vi fri. Då skulle dei vaksne kvila middag. Då sprang vi ned til sjødn, og for oss som budde der vi budde, så var næraste badestrand Lyssandfjero og Hammaren like ved. Vi hadde ca. to timar til disposisjon. Vi bada og møtte andre born og ungdommar. Dette var eit godt liv. Så kom laurdagen. Og det var dans i Fjellheim.

Når vi vart gamle nok, var det aktuelt for oss å gå dit. Dei fleste unge osingar gjorde jo det på 60-talet. Eg var ingen stamgjest i den samanhengen, men eg måtte jo ned og sjå, iallfall sånn innimellom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette var i den tida det gjekk an å hyra inn eit band til ein overkommeleg pris. På 80- og 90-talet vart rockeband, eller orkester som vi kalla det, på 4-5-6 mann altfor dyre i drift for arrangørar i provinsen. Men 60-talet var rockebanda sitt ti-år. Musikken på desse dansane var ¨live¨. Det kunne vera reine shadow-band, dvs. sologitar, rytmegitar, bassgitar og slagverk. Enkelte band hadde i tillegg orgel.

Og kven var det som spelte på dansane i Fjellheim? Historia vil ha det til at rundt 80 band var ein del av Bergen Beat på 60-talet. Alle desse var sjølvsagt ikkje innom Fjellheim. Lat oss starta med nokre frå Os: Tornado, Apache, Young Collection og Keen Minikeens. Sistnemnde besto i hovudsak av folk frå Øyane. Også Fusa hadde band som hevda seg i dette selskapet: El Toledo.

I byen mellom dei sju fjell fanst grupper som Rhythmic Six, The Stringers, Neither Nor, Diamonds, Spiders, The Young Ones, Quartermasters, Human Beings og Hooligans m. fl. Etter tur spelte dei alle til dans i Fjellheim.

Inspirasjonen kom frå England. Alle hugsar vel Radio Lux som dura og gjekk med slagarar som Paperback Writer, When A Man Loves A Woman, Silence Is Golden og Sunny Afternoon - og stjerneband som Beatles, Kinks og Beach Boys som toppa hitlistene.

Vi kan ikkje nemna bergensbanda utan å gå nærare inn på Bergen Beat. Dette var eit namn som først vart sagt høgt av Rolf Wesenlund, han som seinare spelte i tv-serien ¨Fleksnes¨. I 1964 lanserte han begrepet. Bergen Beat hadde Mersey beat som førebilete, popmiljøet i Liverpool, oppkalt etter elva Mersey som renn gjennom byen. Bakgrunnen for linken mellom Rolf Wesenlund og Bergen Beat var denne: Mange i pop/rockemiljøet i Oslo hadde også studiojobbar. Og dei hadde lært at det var lurt å organisera seg. Då hende det at det vart strid om tariff i samband med innspelingsjobbar, noko som enda med at det vart musikar-streik i Oslo på den tida.

Midt i denne streiken reiste Wesenlund, som var innspelingssjef hos grammofonselskapet Phonogram, vestover. Han hadde høyrt at det var mange amatørorkester i Bergen. Og her landa altså den før nemnde Phonogram-sjefen ein gong i 1963 for å sondera terrenget, bli kjent med det bergenske rockemiljø, med baktanke om å spela inn musikk i plateselskapet Phonogram sin regi.

Derfor tok han med seg teknisk stab til ¨byen mellom fjellene¨, som det heiter, og installerte seg på den populære ungdomsrestauranten Scala, og gjorde den om til eit innspelingsstudio.

Men tilbake til dansen i Fjellheim. Far likte ikkje dette snakket om ¨dans i Fjellheim¨ noko særleg. Eg trur han var redd for at eg skulle koma borti noke. Men eg hadde to eldre søstrer som hadde vore der før, som det heiter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein gong eg kom inn i den vesle gangen i Fjellheim, sto det ein politimann der. Han var av den høge sorten, sikkert 1,95m, minst, ikledd uniform med svart kappe ytterst. Han sto ikkje og smilte nett. Eg tenkjer at den som var litt på ein snurr når han kom inn, blei fort edru når han møtte dette synet så tett på.

Når eg kom opp i storsalen, var det som regel fullt av folk, alt avhengig av kor tidleg eller seint det var. Statistikk frå tidleg 60-tal syner at det kunne vera over 1.000 menneske på slike dansar. Særleg møtte folk opp på 17. mai og jonsokafta.

Fjellheim i kjent stil.

Eg såg meg alltid litt rundt først, for liksom å få oversikta. Deretter gjekk eg innover i lokalet og stoppa ikkje før eg var komen heilt fram til scenen. For meg som ivrig gitarist på heimebane, var det alltid noko ein kunne plukka opp frå desse bandmusikarane. Det var nemleg slik at for oss som sysla med musikk, så var dette ein av få moglegheiter til å koma nær rockemusikarar, læra av dei og plukka opp nye ting. Difor blei eg ståande vendt mot bandet, med ryggen meir eller mindre mot salen. For repertoaret til orkesteret besto jo nettopp av låtar frå hit-listene. For det meste var det kjent stoff alt i hop. Her hadde eg eit godt høve til å sjå korleis dei tok gitargrep. Var det ein moll- eller durakkord der? Eg hugsar t.d. beatleslåten ¨A hard days night¨, som kom sommaren 1964. Den hadde ein spesiell akkord i starten. Lite ante eg at det var G7sus4; litt vanskeleg namnm kanskje, men ganske enkelt grep å ta. For meg blei dette reine musikkskulen. Her kunne ein plukka opp tjuvtriks av mange slag. Og så var det å gå heim og øva på ting ein hadde notert seg.

Men det var også imponerande å sjå fleire av desse musikarane i aksjon. Mange var flinke. Ein typisk gitarlåt er ¨Amorada¨, som dansken Jørgen Ingmann hadde på sitt repertoar. Ein kvar sologitarist med respekt for seg sjølv måtte kunna den. Problemet her var at den gjekk så utruleg fort. Eg har øvt mykje på den låten. Eg kan han ikkje skikkeleg enno.

Utover på 70-talet gjekk vissnok litt av energien ut av dansane i Fjellheim, og til liks med kinoen, var det jamt slutt på dei tradisjonelle Fjellheim- dansane i 1980. (Tore Moberg, Osingen 2011). Det var ti år etter at The Beatles var oppløyst, og 15 år etter bergenbeat-bølgja.

Då hadde mange av oss forlengst funne nye arenaer, både på utdannings- og arbeidsfronten. Men nostalgien, den er der, og minna lever. Og sanneleg dukkar Bergen Beat Club opp med reunion av band og konsertar på ymse spelescenar den dag idag. (BT 20.06.19, s. 33.)

Og kva skjer med Fjellheim: Tja, det siste utspelet er at Oseana skal kjøpa dette huset. Du skal berre sjå at kulturen igjen får blomstra på denne arenaen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det trur eg vil gleda mange osingar.

Norvald Kobbeltvedt