Båtkonvoi i Øyane: Torgeir Seim og Hilde Kristine Røttingen var blant dei som hadde ein noko større farkost å køyra i tog med.

Stilte boritmot 150 båtar i 17. mai-konvoi: – Alle i Øyane har båt, gjerne to

Berre dei med adresse i Øyane fekk vera med i 17. mai-konvoien rundt øya. Likevel stilte det bortimot 150 båtar.

Følg alt som skjer i vår live-blogg.

Les også
Følg 17. mai direkte: Send inn dine bidrag og sjå glimt frå alt som skjer

– Eg trur det var bra me var litt restriktive med tanke på deltakinga. Oppslutninga var jo enorm, seier Rebekka Bruarøy Hamilton i 17. mai-komiteen for Søre Øyane barneskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Båtkonvoi i Øyane: Før salutten låg det flust i båtar og venta under Lepsøybrua.

Tog av festkledde båtar

Klokka 11.00 small salutten og eit tog av festkledde båtar i alle moglege storleikar byrja å gli inn mot Vedholmen og under veslebrua. Os & Fusaposten var på brua og knipsa til den store gullmedaljen. Sjølv ikkje eit kvarter etter starten var det teikn på at den siste båten var på veg.

Og sjølv om regnet la sin dempar over starten, var det på mange måtar verkeleg stemningsfullt då Søre Neset Musikklag spelte opp og båtane segla stilt under brua.

– Eg er heilt overvelda over deltakinga. Me veit ikkje sikkert, men me ser ikkje bort frå at det var kring 150 båtar som var med, seier Hamilton.

17. mai-generalen fekk mange gode tilbakemeldingar i løpet av turen og etterpå.

– Eg høyrde folk som var heilt rørt av det heile. Det var ei fin alternativ feiring. Det er i alle høve sikkert, seier ho.

Kveldsarrangement neste år

Mange likte tiltaket så godt at dei prata om å gjera det same neste år.

– No er det andre som sit i 17. mai-komiteen neste år, men sjølv tenkjer eg at dette kunne vore kjekt på ettermiddag eller kveld, så får me håpa at det vanlege arrangementet på skulen kan få gå som normalt neste år. Det er jo det ungane liker best, seier Hamilton.