Stor oppleving: Den siste turen for koret var Landsfestivalen for kor som gjekk av stabelen i Trondheim siste helga i mai. Det var ei stor oppleving å få synga i Nidarosdomen.

Takt og Tone takkar for følgjet etter 40 år

Det er med vemod at Takt og Tone no har vedteke å leggja ned koret. Det er ei tid for alt og vår tid var komen no.

Det er på sin plass å takka for all støtte vi har fått opp gjennom åra. Vi takkar publikum som har møtt opp på arrangement vi har invitert til. Og vonaleg har de hatt like stor glede av koret som vi har hatt av dykk. Vi vil òg takka lokale song- og musikk-krefter som velvillig har takka ja til å opptre på konsertar vi har invitert til.

Les også
Desse songarane i lavgrøne kelnarvestar serverer – og leverer – alltid. Kortreist og med kvalitet

Takk også til Fusa Kraftlag som år etter år har gjeve positiv respons på søknader om kulturmidlar. Økonomisk støtte er avgjerande for at vi kan ha eit aktivt kulturliv i lokalsamfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei spesiell takk til Magne Tuft som starta koret i 1982. Magne sin innsats som dirigent og musikalsk leiar skal ha æra for at koret har utvikla seg musikalsk. Hans uvurderlege innsats, ikkje berre for koret, men for kulturlivet i Fusa, førde til at han i 2013 fekk tildelt Kongens Fortjenstmedalje. Fusa Kommune sin Kulturpris og «Hederstegnet» frå Norges Korforbund Hordaland er også høgt fortente utmerkingar Magne har fått.

Magne heldt fram som dirigent og musikalsk leiar for koret i heile 32 år. I 2014 overlet Magne dirigentstokken til Torstein Skåtun. Torstein har forvalta arven etter Magne på fortreffeleg vis og gjennom hans musikalske leiing har koret utvikla seg vidare.

I dei siste åra har vi vore eit lite kor på åtte medlemmer. Vi har som songarar utvikla oss til å bli trygge på stemmene våre. Ikkje minst har vi utvikla eit fantastisk godt fellesskap. Vi har mest vore som ein familie å rekna. Opp gjennom åra har vi òg hatt gleda av å reise på kortreff både i inn- og utland. Gode minne å ta med seg vidare.

Den siste turen for koret var Landsfestivalen for kor som gjekk av stabelen i Trondheim siste helga i mai. Det var ei stor oppleving å få synga i Nidarosdomen. Sjølv om vi berre var åtte songarar, fylte vi katedralen med songen vår. Vi fekk veldig gode tilbakemeldingar, både etter konserten i Nidarosdomen og på dei andre konsertane vi opptredde. Vi reiste heim i forvissing om at vi hadde levert framifrå song på vår siste opptreden som kor.

Det er vemodig at Takt og Tone no er historie. Vi vil kjenna på saknet etter alle dei gode koropplevingane vi har hatt, og dei vi ikkje lenger får som kor. Kanskje har vi sett nokre spor etter oss slik at Takt og Tone som kor også blir sakna i det rike kulturlivet i Bjørnafjorden.

Takk for samspel i ord og tonar gjennom 40 år.

Vigdis Vestvik

Takt og Tone

Artikkelen held fram under annonsen.