The Prodigy slo gjennom på 90-talet, og er kjende for ein heftig scene-produsksjon. I år kjem dei til Tysnesfest.
The Prodigy slo gjennom på 90-talet, og er kjende for ein heftig scene-produsksjon. I år kjem dei til Tysnesfest.

The Prodigy kjem til Tysnesfest

– The Prodigy er absolutt noko av det feitaste ein kan oppleva, og lyd- og lysproduksjonen blir den heftigaste vi har sett på Tysnesfest hittil, seier Øystein Vaage.

The Prodigy blei etablerte i 1990 i Braintree, Essex, og var eit av dei store namna i ravepartytida. Saman med The Chemical Brothers og Fatboy Slom var dei eit av dei mest trendsettande banda på 90-talet med si særeigne miks av punk og tekno.

– Vi er sikre på at både dagens ungdom, og kanskje ikkje minst dei som var ungdom på nittitalet vil gå mann av huse for å skaffa seg billettar, seier Vaage.

Artikkelen held fram under annonsen.

Einaste konsert i Noreg i år

Britanes tekstar blei mange stader sett på som støytande, og videoen til Firestarter blei nekta vist tidleg på kveldane. Same skjebne fekk Smack my bitch up. Dei fleste radiostasjonane nekta å spela låten. Nokre av deira mest kjende hits er nettopp Firestarter og Smack my bitch up, og Breathe, som alle har nærare 40 millionar strøymingar på Spotify.

Breathe og Firestarter gjekk til topps på norske hitlister.

– Å booka The Prodigy er kanskje noko av det råaste vi har gjort hittil i Tysnesfest si historie, seier Øystein Vaage, og held fram:

– Fleire musikkmagasin har bandet på topplistene over band ein må få med seg live før ein døyr.

The Prodigy spelar på Gjerstad Arena fredag 13. juli, og Tysnesfest blir einaste festival dei skal spela på i Noreg i 2018.