Populære: Highasakite har spelt for utselde hus på årets haustturné.

Tysnesfest lanserer tre nye namn

Festivalen på Tysnes med ny julepakke til dei musikk-glade.

Tre nye band er klare for Tysnesfest.

– Her blir det både knallhardt frå TNT og silkemjukt frå Highasakite, med ein deilig festpakke frå Tungevaag i denne nydelege julebuketten frå oss til deg. Tysnesfest sørger som vanleg for at alle får noko dei likar, skriv festivalen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå før er Astrid S, Ylvis, Kevin Lauren, Den BB, Ka2, Julie Bergan og Odd Nordstoga klar for Tysnesfest 2023.

Saman igjen: Tony Harnell, Ronni LeTekrø og Diesel Dahl skal spela festivalar saman etter seks år vekke frå kvarandre.
Pop og elektronika: Sidan 2014 har Tungevaag sin musikk blitt streama over seks milliardar gonger.