Ole Tobias Lindeberg (bak til venstre) er valt til ny styreleiar i Norske kulturhus. Her saman med resten av styret.
Ole Tobias Lindeberg (bak til venstre) er valt til ny styreleiar i Norske kulturhus. Her saman med resten av styret.

Valt til styreleiar i Norske kulturhus: – Ole Tobias er ein inspirator

Det seier dagleg leiar for Norske kulturhus, Nina Hodneland.

– Ole Tobias Linde berg går frå å vera styremedlem til styreleiar. Han er ein inspirator i styret, både som person og gjennom hans drift og visjonar for Oseana Kunst og Kultursenter. Vi i Norske kulturhus gler oss difor stort over at det er Ole Tobias som no tek styreleiarplassen, og gler oss over det nye styret som saman skal jobba for alle landets 130 kulturhus, seier Hodneland.

Ser fram til halda fram arbeidet

Lindeberg ser fram til å jobba vidare saman med styret og administrasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Norsk Kulturhusnettverk er ein fantastisk arena kor vi saman kan vidareutvikle kulturhusas rolle i det norske kulturlivet. At Oseana Kunst og Kultursenter kan bidra til dette ved å vera representert i styret er svært gledeleg. Dei siste åra har organisasjonen vakse frå å vera eit nettverk til å bli ein interesseorganisasjon. Eg gler meg veldig til å halda fram arbeidet saman med eit svært kompetent styre og administrasjon. Saman med medlemmene skal vi jobba vidare med å løfta fram den breie betydninga kulturhusa i Norge har, både lokalt, men også nasjonalt”, seier Lindeberg.