Vinnesfestivalen: N/A

Vil støtta lokale festivalar med 200.000 kroner

Administrasjonen har kome med si innstilling til søknadene frå Folk og fjord-festivalen og Vinnesfestivalen.

Folk og fjord-festivalen og Vinnesfestivalen har begge søkt om kr 150.000 i støtte frå kommunen. Administrasjonen føreslår å støtta dei to festivalane med 100.000 kvar. Formannskapet skal handsama saka neste veke.

Verksemda «Fjordfolk» står bak Folk og fjord-festivalen. Dette er eit nytt konsept. Festivalen er planlagt helga 26.-27. juni og er lokalisert på Osøyro. Vinnesfestivalen er ein etablert festival på Vinnesholmen som går av stabelen helga 19.-21. juni og vert arrangert på 12. året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinnesfestivalen fekk i 2019 eit tilskot frå Fusa kommune på kr 90.000.

Les også
Vinnesfestivalen: – Vi gjorde eit godt forsøk på å få ungdom til å koma i fjor, men lukkast ikkje

– Dei to festivalane har fleire likskapstrekk. Begge har ein folkeleg og brei appell og rettar seg i første omgang til lokalmiljøet. Vinnesfestivalen er den einaste store kulturfestivalen på Fusa-sida og er eit samlande og populært tilbod for store delar av tidlegare Fusa kommune, medan «Folk og fjord» vil freista å byggja seg opp til ein liknande status på Os-sida. Truleg vil dei også vera jamstore både i økonomi og aktivitet. Det er kanskje ikkje optimalt at desse festivalane ligg så nær kvarandre i tid, men truleg vil ikkje dette ha nemneverdige konsekvensar for arrangementa. Det bør likevel vera ein del av seinare evaluering, slik at ein eventuelt kan gjera endringar neste år, heiter det i saksutgreiinga.

Administrasjonen konkluderer med at dei vil tilrå at dei to festivalene vert likestilte når det gjeld bidrag frå kommunen og at dei får eit tilskot på kr 100.000 kvar frå formannskapet sitt disposisjonsfond.