Det gjekk ikkje lange stunden før bordet var fullt av idear til aktivitetstilbodet i Ung Arena. Frå venstre og rundt bordet - Lovise Milde, erfaringskonsulent Iselin Johannesen, SLT-koordinator Elin Tuft, ungdomskonsulent Anne Solberg Andersson, Tuva Olsen Klyve og Eirik Oltedal Lunde.
Det gjekk ikkje lange stunden før bordet var fullt av idear til aktivitetstilbodet i Ung Arena. Frå venstre og rundt bordet - Lovise Milde, erfaringskonsulent Iselin Johannesen, SLT-koordinator Elin Tuft, ungdomskonsulent Anne Solberg Andersson, Tuva Olsen Klyve og Eirik Oltedal Lunde. Foto: Kenneth Svenningsen

Workshop for Ung Arena: Ideane flomma ut på bordet

Dei var kanskje ikkje mange, men ungdomane som møtte på workshopen for Ung Arena var kreative og full av visjonar.

Alternativa er mange og potensialet er enormt. Etter at Os kommune vedtok å gjera det planlagde parkeringsarealet i Os Aktiv om til møteplass for ungdom (Ung Arena) har ungdomen i nye Bjørnafjorden kommune fått tidenes moglegheit. Me snakkar om eit 400 kvadratmeter stort areal. Berre for ungdom.

– Det blir veldig bra. Eg har verkeleg lyst til å vera med på å forma og utvikla plassen, seier Eirik Lunde.

– Du ville ikkje heller hatt Fjellheim?

– Nei, svarer 15-åringen kontant.

Bordet fullt

Tre meiningssterke ungdomar møtte til Os kommunes workshop for utforming og planlegging av innhald i den nye møteplassen ved Os ungomsskule.

Anne Solberg Andersson orienterte om storleiken på møteplassen. ñ Me får vel 400 kvm til disposisjon. Lokalet er i andre etasje i bygget, forklarte Andersson.
Anne Solberg Andersson orienterte om storleiken på møteplassen. ñ Me får vel 400 kvm til disposisjon. Lokalet er i andre etasje i bygget, forklarte Andersson.
Shuffleboard, biljard, teiknebord, opphaldsrom for preik, godt datarom for gaming var nokre av ideane til aktiviteter som vart nedteikna måndag.
Shuffleboard, biljard, teiknebord, opphaldsrom for preik, godt datarom for gaming var nokre av ideane til aktiviteter som vart nedteikna måndag.

– Her ser me ikkje på kvantitet, men på kvalitet, seier ungdomskonsulent i Os kommune, Anne Solberg Andersson.

– Me har knapt vore her meir enn i fem minutt, og sjå på ideane som flommar utover bordet, seier SLT-koordinator Elin Tuft.

– Ja, her snakkar me om ungdomar med idear, legg erfaringskonsulent Iselin Johannesen til.

Det første temaet var aktivitetar. Dei tre som hadde funne vegen, Lovise Milde frå Hegglandsdalen, Tuva Olsen Klyve frå Os og nemnde Eirik Lunde frå Lunde var ikkje seine med å hosta opp forslag.

– På bordet framfor seg hadde dei alt teikna ned 15-20 forslag til aktivitetar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil vera med og bestemma

Felles for dei tre er at dei vil at ungdomen sjølv skal få vera med og bestemma. Dei meiner det er viktig at Ung Arena ikkje blir ein plass der vaksne styrer for ungdomen.

– Vil de sjølv vera med og «jobba» der?

– Ja, heilt klart. Me vil vera med og bestemma og me vil gjerne vera med vidare når plassen opnar, seier Lovise.

– Me skal ha eit ungdomspanel som skal vera med og styra, så der treng me verkeleg meiningssterk ungdom som dette, men dei skal ikkje føla at dei må lova seg bort alt no, smiler Andersson.

Eigarskapet er viktig

For å fengja ungdomen er det viktig at dei får eigarskap til møteplassen. Korleis dei best mogleg skal få det, vart også diskutert på workshopen på Bar(t) måndag.

– Det må ikkje vera all verda til organiserte greier. Det må vera lov til å berre vera der, seier Tuva.

– Ja, og så må det vera mat. Mat binder folk saman og får folk til å trivast. Her må me skapa eit godt fellesskap, og det å eta og prata saman, er sosialt og triveleg, seier unge Lunde.

– Det blir eit stort kjøken. Der vil ein kunna laga mat, selja og kanskje ha matkurs og liknande, seier Elin Tuft.

Ungdomeleg utsjånad

Og mat vart det også på måndag. Etter ei god første økt fekk dei frammøtte servert pizza frå Peppes.

– No vidare skal me sjå på dette med kommunikasjon. Korleis skal me nå ut til ungdomen, få dei til å vita om tilbodet og sjølvsagt også koma, seier Anne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her reknar eg med ungdomen har nokre gode forslag. Ein bør sikkert vera gode på sosiale medium, i alle høve, seier Tuft.

Også korleis det skal sjå ut, fekk dei frammøtte også synsa om.

– Me skal ikkje ha pinnestolar og kjipe bord. Det må vera sofa og høve for å sitja seg godt ned og slappa av, kommenterer Lovise.

Helsestasjon for ungdom

Ung Arena vil i utgangspunktet ha ope to gonger i veka. Desse kveldene vil også helsestasjonen for ungdom vera open i same bygg.

– Me flyttar frå sentrumskvartalet til Os Aktiv når bygget er ferdig. Me tenkjer det er bra å vera der ungdomen møtest, seier kommune-psykolog i Os kommune Hanne Marthe Liabø.

Tilbod om prat med psykolog vil vera ein del av denne tenesta.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no