Ylvis: Bård (t.v.) og Vegard Ylvisåker har i haust hatt stor suksess med VGTV-serien Ylvis i Sogn.

Ylvis tek med seg stjernelag til Tysnesfest

Sognduoen kjem til Tysnesfest med ein hitparade av ein songkatalog.

Fredag 14. juli inviterer brørne Ylvisåker til hitparade på Tysnesfest. Det melder festivalsjef Øystein Vaage i ei pressemelding.

— Det er ufatteleg gøy at vi fekk dette til. Då det vart kjent at Ylvis skulle tre inn i manesjen igjen tidlegare i år, bestemte vi oss tidleg for at vi måtte prøva å få dei til Tysnesfest, seier Vaage.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ein haust der nye låtar frå Sogn er blitt partyslagarar og gamle låtar har sendt dei til toppen av listene i Japan, er festivalsjefen sikker på at konserten på Gjerstad blir ein fantastisk kveld.

— Heldigvis var dei meir enn villige til å koma attende, og no skjer det.

Les også
— Nokre av Noregs beste liveartistar kjem til Gjerstad
Dette er Tysnesfest:

Tysnesfest har sidan starten i 2007 blitt ein av Noregs største festivalar. Festivalen lovar å femne om ei rekke stilartar og er like mykje ein familiefestival med ei rekke arrangement for heile familien, som ein av dei beste popfestivalane med den beste nye musikken.

Tysnesfest 2023 blir arrangert 12. — 16. juli med blant anna tre dagar med konsertar på Gjerstad Arena, konsertar på ei rekke stader i kommunen, verdscup i Dødsing, båtturar og eit rikhaldig program for born og unge.

Som i suksess-serien "Ylvis i Sogn", tek Vegard og Bård Ylvisåker med seg veslebror Bjarte, og dessutan eit stjernelag av musikarar beståande av Tarjei Strøm på trommer, Jonny Sjo på bass, Lars B. Devik på tangentar, Kato Ådland og Johannes Groth på gitar.

Med nye låtar frå sin VGTV-serie og ei rekke virale hits på menyen, kan ein vera trygg på at komikarane vil by opp til fest.

Vaage garanterer gjenhøyr med gamle slagerar som Stonehenge og Egeland, og dessutan nyare hits som Skaol Skadle og Firkantfar.

Ingen bør heller bli overraska om det står både lunken mat og rev på menyen.