Tradisjon: Vi håpar dette vert ein flott tradisjon som vi alle kan bidra til å gjera betre – saman! Foto: Kenneth Svenningsen

17. mai for alle i inkluderingskommunen Bjørnafjorden

Tusen takk til Bjørnafjorden kommune ved kultureininga, for den beste 17. mai-feiringa på så lenge vi kan hugsa!

Det er ein imponerande innsats frå mange, også frivillige, som krevst for å få dette til. Vi er stolte av å bu i ein kommune som ikkje berre snakkar om inkludering, men som faktisk gjer noko med det!

Grepet med å flytta siste del av 17. mai-feiringa til Oseana, forstår vi det er delte meiningar om. Men, om vi meiner at 17.mai-feiringa skal vera for alle, og det gjer vi jo, så bør vi så langt som råd leggja til rette for at så mange som mogleg kan ha glede av arrangementet.

Les også
Utelukkar ikkje at Oseana blir hovudarena for 17. mai-feiringa også neste år

Oseana er universelt utforma, tilrettelagt for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette kan ikkje Kyrkjeflaten bli utan svært store og kostbare endringar. Oseana er tilrettelagt for rørslehemma, og der er det handikaptoalett. Det er leieliner for synshemma og tilpassa lydanlegg for høyrslehemma. Dette gjer at fleire kan delta på lik line som «alle andre» utan å trenga hjelp. Både rørsle-, syns- og høyrslehemma har glede og nytte av at arrangementet går føre seg i Oseana. Det same gjeld mange eldre, som gjerne treng å sitja.

Strøyming av arrangementet er i tillegg ein god måte å nå ut til dei som ikkje kan delta fysisk, t.d. til dei kommunale institusjonane.

Les også
Nasjonaldagsfeiring i Oseana: Inne bra, ute best

At det i Oseana er betre fasilitetar med toalett til alle, er eit stort pluss. For ikkje å snakka om dei gongene 17. mai er litt kjøleg eller det er nedbør. DÅ er det godt å koma seg inn og under tak. Vi snakka med fleire som syntest det var fint å kunna lata barna leika i den store salen etter toget. Der var det kjølegare enn ute, og barna hadde god plass å boltra seg på. Pluss også for høve til å vera både ute og inne. Lyden var like god ute på terrassen som inne i salen, så valmoglegheitene var gode.

Det er også rom for forbetringar, m.a. fleire utsalsstader for forfriskingar, stolrader framme ved scena, og programmet skulle gjerne ha starta 30 minutt tidlegare. Tidspunktet var valt fordi det var første gong toget gjekk ny rute, så arrangørane var usikre på kor lang tid toget ville bruka. Men dette er ting som er lett å forbetra. Kanskje skal også andre ting betrast eller endrast også.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Sjå video frå toget og feiringa på Osøyro: – Beste 17. mai på tre år, minst
Les også
Nasjonalsongen runga i Oseana

Alt i alt så var dette verkeleg bra! Vi har alle eit ansvar for å bidra til at dette vert ein fin dag. Saman utgjer vi den gode 17.mai-stemninga som vi alle set så høgt. Vi er glade og takknemlege for at fleire no får høve til å delta på likeverdige føresetnader – også på 17.mai.

Vi håpar dette vert ein flott tradisjon som vi alle kan bidra til å gjera betre – saman!

Igjen, tusen tusen takk!

Gisle Hesjedal

Kommunestyrerepresentant Arbeidarpartiet

Leiar for Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Artikkelen held fram under annonsen.

Henriette M. M. Lien

Leiar Bjørnafjorden Arbeidarparti

Vara til Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Les også
Vel overstått 17. mai! Sjå lesaranes eigne bilete frå feiringa