Lite diskutert: Det som har vore lite diskutert, er prisen å betala for å gjera lågterskelfeiringa på Kyrkjeflaten om til eit velorganisert og ryddig innandørsarrangement.

17. mai-tankar frå den bakarste benken

På Kyrkjeflaten har det vore plass til alle som ønskjer å vera med, sjølv dei som står bakarst og passar ungar og pratar med naboen mens ordføraren held tale.

I år var den tradisjonsrike samlinga etter barnetoget i Os sentrum flytta frå Kyrkjeflaten til Oseana. Det vanlege glade kaoset på Kyrkjeflaten blei erstatta med eit prikkfritt gjennomført arrangement innandørs på Oseana. I etterkant har kultursjefen i Bjørnafjorden karakterisert feiringa på Oseana som ein stor suksess, og representantar for rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har framheva fordelane med å ha arrangementet ein stad med universell utforming og gode toalett-fasilitetar for alle.

Les også
Utelukkar ikkje at Oseana blir hovudarena for 17. mai-feiringa også neste år
Les også
17. mai for alle i inkluderingskommunen Bjørnafjorden

Det er ikkje vanskeleg å vera einig i at inkludering av ulike grupper er viktig og flott, også på 17. mai, og truleg var arrangementet på Oseana fint på alle måtar. Men det som har vore lite diskutert, er prisen å betala for å gjera lågterskelfeiringa på Kyrkjeflaten om til eit velorganisert og ryddig innandørsarrangement. Frå min synsstad ser det ut til at prisen er denne: Arrangementet går frå å vera eit naturleg punktum for sentrumsfeiringa som «alle» får med seg ein smak av, til å bli eit arrangement for dei spesielt interesserte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom dette stemmer, meiner eg at vi er på ville vegar. Er det noko vi treng i vår tid, så er det samlingsstader og seremoniar der alle - born, ungdom, vaksne og eldre - kan møtast og få kjenna på at vi høyrer til i fellesskapet. 17. mai er ein dag der vi tek fram dei store orda og fortel kvarandre det vi elles tek for gjeve: At vi er lukkelege for å leva i eit land som er fritt og demokratisk, og at alle vi som bur her har eit felles ansvar for å sikra at det held fram å vera slik. Og at det skal vi klara, for vi høyrer saman, og vi høyrer til i dette landet og i denne bygda.

Les også
Nasjonaldagsfeiring i Oseana: Inne bra, ute best
Les også
Nasjonalsongen runga i Oseana

Sjølv har eg ikkje grunnlag for å meina så mykje om feiringa på Oseana, for eg var der ikkje, eg heller. I likskap med dei fleste andre som hadde stilt opp for å feira 17. mai i Os sentrum denne dagen, hadde eg ikkje tid til å venta over ein time på at arrangementet skulle begynna. Og eg kjende at eg sakna det. Eg sakna det myldrande livet, eg sakna å fella ei tåre då førsteklassingane song, og eg sakna å kjenna på fellesskapet med kjende og ukjende osingar når vi saman syng nasjonalsongen. Eg sakna praten og låtten frå dei bakre rekkene, hylinga frå ungar som hadde mista ballongen sin og skurringa i lyden frå høgtalarane.

På Kyrkjeflaten har det vore plass til alle som ønskjer å vera med, sjølv dei som står bakarst og passar ungar og pratar med naboen mens ordføraren held tale. På denne typen arrangement må ein kanskje akseptera at mange ikkje følgjer med på alt som skjer frå scenen. Det viktigaste må vera at så mange som muleg kan få kjenna på at dei får vera med, og at dei høyrer til.

Viss ein skal få det til, må ein gjennomføra arrangementet på ei tid der det passar for så mange som muleg, og på ein stad der det er plass til så mange som muleg. Og så heldige er vi, at vi har ein slik stad. Eg håpar vi møtest på Kyrkjeflaten, alle saman, til neste år. Også vi som likar oss best på den bakarste benken.

Reidunn Hernes