Starta med oss sjølve: Vi kan starta med oss sjølve. Sei hei, smil og slå gjerne av ein prat med nokon du ikkje kjenner så godt frå før. Det kan bety meir enn vi nokon gong får vita.

Å førebyggja sjølvmord er eit ansvar både vi som samfunn og medmenneske må dela

10. september er Verdsdagen for førebygging av sjølvmord.

Livet er ei gåve. Livet er kjærleik, glede, latter, solskin, håp og tru. Men livet er òg smerte, fortviling, einsemd, tap og håpløyse. Slik er livet. Alle kjenner vi på det som er vondt og tungt innimellom.

Kvart sjølvmord er eitt for mykje

Nokre kjenner på det oftare enn andre, men kjem seg likevel gjennom og ut av tunge periodar fordi dei veit at det går over. Livet har kanskje tidlegare vist at det finst lysare dagar der framme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men for nokre er livet dessverre så mørkt og tungt at dei ikkje lenger ser at å velja livet er det dei orkar og greier.

Kvart år avsluttar menneske i Bjørnafjorden livet sitt. Kvart sjølvmord er eitt for mykje, og det siste halvtanna året har vi mista uvanleg mange. Eg kjenner sterkt med dykk som står att i sorg, sjokk, redsel, fortviling og sinne. Når slikt skjer, gjer det noko med oss alle og med heile lokalsamfunnet vårt.

Vi har mange hjelpetilbod innan psykisk helse i kommunen vår, frå samtale med psykolog til kriseteam og akutt hjelp i livskrise.

Men samstundes er det jo slett ikkje slik at du og eg må vere i akutt krise for å ha behov for å snakka om korleis vi eigentleg har det, eller få hjelp til å få det betre. Terskelen for å våga å ta kontakt må ikkje bli for høg. Vi kan alle trenga hjelp ein dag.

Alle treng ein fristad

Difor har vi merksemd på psykisk helse i alle tenestene våre - hos jordmor, på helsestasjonen, i barnehagen, skulen og i eldreomsorga vår. Livsmeistring har kome inn som eit sentralt tema i skulane våre. Ung Arena Bjørnafjorden er eit heilt nytt samtaletilbod og ein sosial arena for unge mellom 13 og 20 år. Ung Arena skal vera ein god stad å vera, fri for press og stress.

Ein slik fristad trur eg veldig mange av oss vaksne kunne trenga òg. Vi er så opptatte av å meistra, halda ut og halda maska at det for mange blir uuthaldeleg den dagen fasaden slår sprekker og andre kanskje oppdagar at vi ikkje er heilt perfekte likevel - men berre eit menneske.

Tabu å vere einsam

Å førebyggja sjølvmord er eit samfunnsansvar. Men det er òg eit ansvar som kvilar på kvar og ein av oss som medmenneske.

Det er ikkje lengre så tabu å snakka om sjølvmord. Vi er blitt litt flinkare til å snakke om psykisk helse, og fleire vågar opna opp om depresjon og tøffe periodar. Likevel aukar dessverre talet på sjølvmord. Kvifor klarar vi ikkje å få fleire av desse til å velja livet? Kva tiltak vil hjelpa og kva må prøvast som vi ikkje har prøvd tidlegare? Eg har dessverre ikkje alle svara, og vi som nasjon «famlar» også litt i jakta på planar og tiltak som skal få talet på sjølvmord ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg vågar seia at det største tabu i dag er einsemd. Å kjenna seg på utsida av fellesskapet er noko av det mest skadelege og tøffaste eit menneske kan oppleva. Det å vere einsam er ikkje alltid det same som å vera åleine. Men å våga å seia at ein er einsam sjølv om ein er ein del av ein gjeng, klasse eller arbeidsplass, krev mykje av oss.

Vi må våga å vera opne om einsemd, våga å snakka høgt om det. Denne snikande følelsen av å ikkje bety noko, ikkje vera ein del av noko, berre vere åleine om det vonde. Vi som samfunn og vi som medmenneske må sjå kvarandre! Kjensla over å bli sett og inkludert har enormt stor betydning, og det treng ikkje vera så vanskeleg. Det kan vera noko så «enkelt» som å seia hei, møta blikket og smila til naboen, kollegaen, medeleven, ho stille jenta på fotballtreninga eller han som alltid sit åleine på pauserommet eller bussen.

Difor trur eg at ein av dei viktige tinga vi som kommune kan gjera for å førebyggja sjølvmord, er nettopp å leggja til rette for trygge møteplassar og inkluderande fellesskap for alle, i alle aldrar, heile livet. Vi treng kvarandre. Eg treng deg og du treng meg. Nokon treng oss!

Vi kan starta med oss sjølve. Sei hei, smil og slå gjerne av ein prat med nokon du ikkje kjenner så godt frå før. Det kan bety meir enn vi nokon gong får vita. Og hugs - ingen er berre det du ser.

Trine Lindborg

Ordførar

Bjørnafjorden kommune