Eit spark bak?: Lokallagsleiar i Bjørnafjorden Sp, Dina Lervåg, meiner mange oppfattar budsjettet for 2025 som eit spark bak.

Adventstida i politikken: Framlegginga og budsjettdebatten er på det næraste eit eventyr

No nærmar det seg julefeiring, i nesten ein månad har vi venta og venta. Høgdepunktet i lokalpolitikken er budsjettbehandlinga. Eller er det no det?

Høgdepunktet altso? Vart det denne gongen nærmare botn-nivå?

Det er ein slags adventskalender, ei nedteljing og oppgiring mot siste kommunestyremøte. Den startar med sjølvaste kommunedirektøren sitt budsjettframlegg. Spaninga er til å ta og føle på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Like før kommunedirektøren sitt budsjettframlegg behandla kommunestyret tertialrapporten. Der var den økonomiske stoda, lite lystig lesnad. Millionar i minus og overforbruk til nye høgder.

Så la Steine fram sitt budsjett, ny kommunedirektør, ny måte, han avslutta med eit bilete av eit gamalt stabbur og førjulsaktivitet i gode gamle dagar, slakting..

I går la dei ulike partia fram sine forslag. Nokre hadde samarbeidd i blå fløy, andre la fram sine eigne budsjettforslag basert på sin eigen partipolitikk.

Framlegginga og budsjettdebatten er på det næraste eit eventyr. Det er millionar hit og millionar dit. Nokre ser ut til å ha meir enn dei andre, og nokre har gått tom lenge før. Som i alle eventyr er det ulike karakterar.

Som i tre nøtter til Askepott, du veit den vi gler oss til å sjå på fjernsynet julaftan føremiddag, har vi her i Bjørnafjorden ein som har teke på seg rolla som historieforteljaren. Men den rolla er det kamp om.. for såvidt eit eventyr å følgja med på, det òg. Kommune-TV er underhaldande på mange vis.

I går hadde Frp, Høgre, INP og KrF gått saman om eit budsjettforslag. Det fekk flest røyster og vann fram.

Eller om det vann fram? Det vert nok av mange oppfatta som eit spark bak?

KrF var på talarstolen og hevda at dei hadde eit godt forslag, lat dei som er sjuke misse høve til bonus.

Artikkelen held fram under annonsen.

I debatten på kommune-TV kunne vi sjå gode og engasjerte innlegg. Av og til når posisjonen fekk innlegg mot seg, hevda dei seg krenka og opplevde at innlegga kom med feil tone.

Vel - dei hadde no høve til å svara opp.

Dei tilsette i kommunen vår har no fått eit framlegg mot seg, utan høve til å svara opp. Dei som er sjuke eller står i andre situasjonar som krev fråvær, dei skal misse bonus, og det heilt utan å vera med i debatten, heilt utan høve til å gje innspel på korleis dette vert opplevd for dei.

Budsjettet som vart vedteke kuttar både til gammal og til ung. Det vert rasla med ny skulestruktursak, og jammen ville dei ta med barnehagane i same slengen.

Pengar spart seier posisjonen, vi viser at vi er på veg, men går framleis i minus på millionvis.

Ei av forteljarstemmene etterlyser kalkulatoren som har vorte nytta, han kjenner ikkje att tala? Eit nytt forsøk på (bort)forklaring vert prøvd, men framleis er mykje uklårt.

No er den politiske adventskalenderen over, budsjettet er ferdig behandla. Julehøgtida kan starta.

Det å ta del i denne adventskalenderen fører med seg mange e-postar og telefonar med ynske om pengar og større forståing, frå både privatpersonar, lag og organisasjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor takk til alle dykk som kjempar for det de har som dykkar hjartesaker, og for at de deler engasjementet med oss!

Har du ledig tid i jula, kan du gå inn på kommunen sine nettsider og lesa dei ulike budsjetta og sjå kva dei ulike partia har prioritert.

Eg ynskjer alle – og særskilt dei tilsette i kommunen – ei god julefeiring og eit helsebringande godt nytt år.

Dina Lervåg

Lokallagsleiar

Bjørnafjorden Sp