Her ein plass: Kjell Harald Lunde meiner eit minnesmerke for romfartseksperten Alfred Lunde bør plasserast i tilknyting til Lunde barneskule.

Alfred Lundes minnemerke bør plasserast ved Lunde barneskule

Skulen ligg berre to-tre steinkast frå barndomsheimen til Alfred der han voks opp under nøkterne kår.

Os & Fusaposten har hatt to interessante artiklar — med Vidar Bratlund-Mæland den 2. mars og med Anders Lekven 12. mars — om planar om å setja opp eit minnesmerke over den norske romfartseksperten Alfred Lunde.

Spennande tankar. Den mest naturlege plassen for eit slikt minnesmerke kan vera Lunde barneskule. Skulen ligg berre to-tre steinkast frå barndomsheimen til Alfred der han voks opp under nøkterne kår. Det var på bakkane rundt forbi her han på nokre klare oktober- og novemberkveldar i 1957 stira opp mot himmelkvelven for å følgja satellittane Sputnik 1 og Sputnik 2 (med hunden «Laika» om bord) si ferd mellom stjernene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk presidentens fridomsmedalje

Eit par veker seinare, like opp under jul i 1957, reiser den 15 år gamle gåverike guten åleine til Amerika. Onkel på morssida, kirurgen Alfred Sarwold, hadde lova å spandera reise og opphald dersom han ville ta utdanning i Statane. Men han måtte lova å ta studiane på alvor. Alfred hadde orda frampå om lysten til å dra til Amerika då onkelen var heime på ferie året før.

Alfred Lunde er mest kjend for innsatsen for å få Apollo 13 trygt tilbake til Jorda etter ein eksplosjon om bord som gjorde tilgangen på oksygen og straum kritisk. Timane og minutta talde. Alfred si nøkkeloppgåve var å rekna ut og visualisera jorda, månen og stjernehimmelen slik astronautane villa sjå det til ei kvar tid. Dette var viktig for navigering frå romskipet. Utrekningsarbeidet han gjorde under sterkt tidspress er gjeve stor vekt for at bergingsaksjonen lukkast. For dåden har Lunde fått Presidentens fridomsmedalje, den høgthengjande medaljen utlendingar kan ta imot i USA.

Var også med på månelandingsprosjektet

Mindre kjend er det kanskje at Alfred Lunde også hadde ei rolle i månelandinga året før — i 1969. Den 26 år gamle osingen hadde mykje kontakt med astronauten Michael Collins og delvis med Edwin Aldrin før oppskytinga av Apollo 11. Her viste Lunde biletprogram over kva stjerner og planetar dei ville sjå frå romfartøyet på ulike stadium under måneferda.

Alfred Lunde døydde 9. mai 1996 i Houston. Han vart 53 år gammal. Urna er sett til kvile på Nore Nest gravplass.

Lunde barneskule kan vera ein naturleg plass for eit minnesmerke. I tillegg til at skulen ligg like ved barndomsheimen, er skulen også ein møteplass for grendefolket. Her kjem folk på basarar og konsertar, og her feirar sørenesingane 17. mai. Dessutan vil elevane på Lunde barneskule vera nyfikne på denne mannen som har fått minnesmerke etter seg, og få kunnskap om han.

Kjell Harald Lunde