Godt døme: Saka om rusreforma er eit svært godt døme på at Ap òg treng sterke parti til venstre for seg.

Ap treng eit sterkt SV

Ap sitt landsmøte stemte fredag nei til rusreforma. Det er trist, for det er ei svært nødvendig reform som samfunnet vårt er meir enn klart for. Vedtaket syner òg kvifor vi treng eit sterkt parti til venstre for Ap etter haustens val.

Eg finn trøyst i at vi kjem til å slutte å straffe sjuke menneske til slutt. Det går den vegen, men det blir dessverre ikkje i år. Landsmøtet til Ap følgde Jonas Gahr Støres anbefaling om å stemme mot rusreforma. Vår tids største sosiale reform er utsett på ubestemt tid fordi Ap seier nei. Vi kjem til å sjå tilbake på dette som ein augneblink der Ap stod på feil side.

Rusreforma er eigentleg ei sak dei aller fleste er einige om. Samfunnet ønskjer reforma og meiner at dei som skader seg sjølv med rusmiddel, ikkje skal møtast med straff.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ei meiningsmåling gjort av Kantar nyleg svarte 67% at dei er for denne reforma. Men kva med Ap-veljarane? Er dei positive? Marginalt meir enn snittet, faktisk; 68 %.

Det burde ha vore enkelt å velje rett i denne saka. Ap sitt nei syner kvifor vi treng sterke parti til venstre for Ap. Parti som er meir kompromisslaust solidariske med dei svake og, i dette tilfellet, dei som skadar seg sjølve.

Vi kan sjølvsagt peike på Frp og Sp òg. Dei var begge tydelege motstandarar heilt frå starten, og kunne begge, kvar for seg, ha redda reforma om dei stemte for. Forskjellen ligg i at vi ikkje har dei same forventningane til desse partia. Det er Ap, i tett samarbeid med fagbevegelsen, som har vore arkitektane bak velferdssamfunnet vårt. Dette samarbeidet har gjeve oss ferielova, 8-timars arbeidsveke, velferdssystemet, Lånekassen, Husbanken, medråderett på arbeidsplassen, eit av verdas mest likestilte samfunn.

Alt dette, og meir til, var store, ideologiske seirar i si tid. Progressive tankar som ikkje alle var like enkle å kjempe gjennom Stortinget, for all del. Søk gjerne opp kva parti som H og V har stemt på i desse sakene opp gjennom historia. Men Ap stod på rett side.

I denne saka, derimot, gjer dei så langt ikkje det. Her står dei skulder til skulder med populistiske parti som Sp og Frp, som er vane med å bryte med det dei hevdar er sine grunnleggjande verdiar frå sak til sak om dei meiner det kan gje fleire stemmer i det neste valet.

Det kler ikkje Ap, som har vore ansvarlege for å styre landet vårt i nærare 50 av dei 76 åra som har gått sidan krigen. Dei skuldar sjølvsagt fagbevegelsen mykje for å ha fått denne posisjonen, dette tillitsvervet på vegner av LO og det organiserte arbeidslivet. No seier ein samla fagbevegelse at ei ny raud-grøn regjering må inkludere SV. Analysen bak det er ikkje berre at SV står fagbevegelsen svært nært politisk, men òg at ein reknar ei regjering med berre Ap og Sp som ei sentrumsregjering som vil kunne finne fleirtal like mykje til høgre som til venstre i norsk politikk.

Vi i SV er sjølvsagt ikkje ueinige med LO her. Dei færraste trur på ei ny regjering med utspring i H og Frp igjen etter haustens val. Ei ny regjering vil mest sannsynleg ha Ap i førarsetet og Støre som statsminister. Alle vi på venstresida av norsk politikk ønskjer eit sterkt og styringsdyktig Ap som kan redusere den aukande ulikskapen vi har etter åtte år med borgarleg regjering, men saka om rusreforma er eit svært godt døme på at Ap òg treng sterke parti til venstre for seg.

Eg fryktar eit fleirtal med Ap og Sp aleine ikkje blir veldig forskjellig frå det vi har hatt dei siste åtte åra. Om dei to treng SV for å få fleirtal, kan du vere trygg på at politikken dei styrer etter vil vere sosialistisk, solidarisk og faktabasert. Er den ikkje det, kan heller ikkje SV godta å bidra til han.

Artikkelen held fram under annonsen.

SV er for rusreforma, og vi skal halda fram med å arbeida for å få ho vedteke. SV vil vere ein garantist for at ei ny regjering frå hausten styrer på verdiane frå venstresida i norsk politikk. Utan eit sterkt SV er det stor fare for at vi får mange, mange fleire skuffande vedtak som det vi fekk på fredag.

Craig Bøthun

Bjørnafjorden SV