Furtent: Det var eit furtent Ap som møtte i kommunestyret torsdag, skriv Marie Hauge (MDG).

Aps frieri til kommentarfeltet hjelper ikkje kommuneøkonomien

Ap tyr til argumentasjon som sløseriombodsmannen ville nikka anerkjennande til. Kva med å heller driva politikk?

Torsdag valde kommunestyret medlemmer til det nye utvalet som skal jobba med budsjettkutt i kommunen.

Utvalet er eit resultat av budsjettvedtaket før jul, der Ap og Sp ikkje klarte å skaffa fleirtal for budsjettframlegget sitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

MDG har ikkje lagt skjul på at budsjettsituasjonen er frustrerande. Vi veit smerteleg vel at det ikkje er enkle løysingar på dei økonomiske utfordringane. Saman med SV er vi tydelege på at det må innførast eigedomsskatt skal kommunen klara å halda oppe eit forsvarleg tenestenivå. Det er dei andre partia ikkje samde i – og det må vi med våre fire stemmer forholda oss til.

Les også
Stor splid om nytt utval. Vararepresentant måtte be politikarane pusta med magen
Les også
Søviknes skal leia det nye økonomiutvalet. Desse får han med seg

MDG vurderte grundig dei to resterande budsjettframlegga – og fann at Frp/H-budsjettet var minst ille. Det er ikkje vår politikk, men vi kjem til å jobba heroisk for å trekka budsjettet i den retninga vi meiner det bør.

Ap og Sp hadde rikeleg anledning til å jobba fram eit budsjettforslag som også MDG kunne gått for. Det gjorde ikkje desse partia. Anten fordi dei ikkje ville eller fordi dei ikkje evna.

Slik er dei politiske spelereglane – det forslaget som får flest stemmer, vinn. Så kan ein lika det eller ikkje – men det fører ingen stad hen å furta for det.

For det var eit furtent Ap som møtte i kommunestyret torsdag. Kva er vitsen, vart det spurt på repeat.

Ap gjorde eit stort, nærast altoverskuggande nummer av at dette utvalet utløyser møtegodtgjersle – sjølv om det i sum truleg blir billegare å ta budsjettarbeidet her enn i formannskapet.

At politikarane skulle ha betalt, var ikkje mindre enn frekt, meldte eit harmdirrande Ap før dei måtte trekkja forslaget om at utvalsmedlemene ikkje skulle bli godtgjort. Det er i strid med både kommunelova og kommunens eigne reglar.

Ap sa i klartekst at opprettinga av dette utvalet er å forstå som mistillit til administrasjonen og dei tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse påstandane vart tilbakevist frå talarstolen. Like fullt går Ap ut i avisa under overskrifta Sløseriutvalet, og hevdar at vi ikkje har tillit til administrasjonen og dei tilsette.

Det står Ap sjølvsagt fritt til, men særleg stilig er det ikkje. Det hadde heller gjort seg med eit snev av sjølvinnsikt, eit par linjer med refleksjon over situasjonen kommunen er hamna i eller ei forklaring på kvifor Ap ikkje har lukkast med å samla fleirtal for sine løysingar. Og ikkje minst: Korleis Ap ser for seg vegen vidare (og nei; moteordet samskaping tel korkje som kutt eller inntekt).

Vi i MDG trur ikkje det nyoppretta utvalet og Prosjekt økonomisk handlefridom er noko hokuspokus. Tøffe prioriteringar og smertefulle kutt kjem vi ikkje unna – uansett korleis vi organiserer budsjettarbeidet eller kva vi kallar oss.

Ap klarte ikkje å overtyda oss om at dei har det som trengst for å få kommuneøkonomien på beina. Å ropa mistillit og sløseri gjev sikkert gjenklang i kommentarfeltet – men det får ikkje jobben gjort.

Marie Hauge

på vegner av MDGs kommunestyregruppe