Tvangstrøye: Visjonen om at det i 2040 skal vera 40.000 innbyggjarar i Bjørnafjorden vest er ei tvangstrøye for arbeidet med planen.

Arealpolitikk er meir enn byggeland og utbygging

Kan vi diskutera kva som er bra for alle innbyggjarane – og ikkje berre for utbyggjarane?

Reaksjonane på brevet frå statsforvaltaren kan gje inntrykk av at arealpolitikk handlar utelukkande om byggeland og utbygging. Det er langt frå realiteten. Arealpolitikk handlar like mykje om betre bu- og oppvekstmiljø, å verna naturverdiar og sikra komande generasjonar same moglegheiter som oss.

Utval for plan, bygg og miljø (PBU) jobba intensivt i 2020. Målet var å få oppdatert og godkjent eksisterande plan, som vart kraftig redigert på ein del område. Statsforvaltaren har respondert; og vi ser at det å bøta på dårleg arbeid berre har vore sånn halvvegs vellukka. No må vi finna ut kor vi bommar, og bretta opp ermene igjen. Det handlar verken om å knea eller å leggja seg på rygg for Statsforvaltaren slik Frp skuldar oss for. Tvert om har vi klare ambisjonar for korleis vi skal få god, grøn arealbruk i kommunen. Vi deler syn med statsforvaltaren på ein del område; og så er det innvendingar frå statsforvaltaren vi ikkje er samde i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Visjonen om at det i 2040 skal vera 40 000 innbyggjarar i Bjørnafjorden vest er ei tvangstrøye for arbeidet med planen. Det var ein kongstanke frå førre regime, som gjer at vi må skvisa inn areal til stor folkevekst i senterområda, der korkje infrastruktur eller eksisterande busetnad toler det. Den faktiske folkeauken dei siste åra følgjer ikkje prognosen, og sjølv med ny veg til Bergen blir vi ikkje 15 000 fleire her dei neste 20 åra. Det er og blir ikkje nok folk til det i regionen vår – uansett korleis vi snur og vender på tala.

Og gjer det eigentleg noko? Er det kanskje nettopp det vi treng; eit pusterom for å ta hand om dei innbyggjarane vi har i staden for å jakta heseblesande på nye? MDG ønsker å ta vare på dei kvalitetane som gjer at det er godt å leva og bu her – trygge bumiljø med tilkomst til natur og sjø for alle. Vi snakkar ikkje om stagnasjon, men ei utvikling som gjer at vi heng med i tenestetilbodet, og kan få unna det etterslepet vi alt har på vegopprusting og annan infrastruktur. Dobbelt så mange innbyggjarar betyr dobbelt så mange skular, barnehagar og liknande, og gjeldsgraden i kommunen er allereie problematisk høg.

I Bjørnafjorden skal vi ha berekraftig utvikling og vekst. I MDG ønskjer vi å premiera dei utbyggjarane som tar innover seg det og svarar på dei utfordringane vi skal løysa framover. Gode utbyggingsprosjekt med høg bukvalitet og lågast mogleg avtrykk på klima og naturmangfald har eit stort konkurransefortrinn.

Vi må bruka mindre ressursar. Vi må etterlata mindre fotavtrykk. Alle skal ha tilgang på gode kvalitetar og natur nær seg. Denne bestillinga går ut til alle kommunar i landet. Fleire kommunar har suksess med gode kommuneplanar som svarar på forventingane frå styresmaktene både nasjonalt og regionalt. Det er ingenting som tilseier at ikkje Bjørnafjorden skal kunne bli ein føregangskommune her.

Nils-Anders Nøttseter

Nestleiar PBU

Marie Hauge

Medlem i PBU

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden MDG