Treng tida: Styret treng denne tida for å klargjera spørsmåla som aksjonærane har reist.

Årsmøtet blir halde 24. august

Eg er heilt samd med Christian Stabell i at det er aksjeeigarane som skal ha det avgjerande ordet på årsmøtet i Os og Fusaposten. Men datoen for årsmøtet er det styret som bestemmer.

Eit samrøystes styre har vedteke å endra datoen frå 30. juni til 24. august etter Stortinget gjorde vedtak om å utsetja fristane. Eit vedtak som vart sanksjonert i statsråd 19. juni.

Årsaka til at styret valde å utsetja møtet, skisserer Stabell og Haugland greitt i innlegga sine. Men Stabell og nokre få aksjonærar meiner at dette ikkje er gode nok grunnar, og kravde at årsmøtet skulle avhaldast 30. juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ope brev til styret i Os & Fusaposten: Årsmøtet må haldast no!
Les også
Kven skal ha det avgjerande ord i Os & Fusaposten?

Det vart opphaveleg innkalla til årsmøte 28. mai. Styret la opp til å avvikla årsmøtet ved hjelp av utsendt skjema der aksjonærene kunne kryssa av på dei ulike sakene. Styret meinte at dette var den tryggaste måten å avvikla årsmøtet på, og liknande vart gjort med stor suksess i mange andre aksjeselskap. Etter prostest frå nokre aksjonærar, vart dette endra til ein kombinasjon av skjema og fysisk møte.

Les også
Eigarane skal ha det avgjerande ordet - svar til Egil Haugland

Når årsmøtet vart avbrote, var det etter framlegg frå ein av aksjonærene. Styret vedtok først å prøve på nytt 30. juni, fordi det då ikkje var kome signal om at det var mogleg å utsetja årsmøtet til august.

Styret treng denne tida for å klargjera spørsmåla som aksjonærane har reist.

Elisabeth Netland

Styreleiar i Os & Fusaposten