Minne: Denne gangvegen frå gamle Bahusfabrikken og opp til Kuven har ei lang historie med mange minne.

Barndomsminne frå Kleivane og Kvednavegen: - No håpar eg kommunen gjer sitt

Dette er eit minne frå mitt barndomsrike. Eg kan berre ha att auga, så ser eg for meg kvar haug og tue slik det var før.

Takk til Os & Fusaposten for oppslag om gangvegen i Kleivane. Datoane for kontakt med kommunen har mannen min teke opp i sitt innlegg. Eg vil sjå meir på det historiske og grunngjevinga for bruken av vegen.

Les også
Skulle inspisera ulovleg tiltak. Vart rysta over tilstanden på skulevegen
Les også
Kommunen burde rusta opp turvegen gjennom Kleivane

Gustav Bahus har gått vegen som skuleveg. Ja, både familien din med Gustav den første, Gustav den andre og Gustav den tredje, deg som vi kalla for "Vetl Gustaven", har gått vegen opp og ned. Det har eg gjort og. Frå eg kunne gå. Denne vegen har nok vore brukt av bøndene på Kuven sidan det vart busetjing på Kuven. Etter Os-soga til Nils Tveit er første gardbrukaren, Nils Kuven, nemnd i 1519.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gardane på Kuven hadde naust langs Oselva. Det var Osøyro som var naturleg handelsstad då som no. Og gangvegen har nok vore stort sett den same. Det er merke etter ein eldre veg lenger oppe parallelt med noverande trasé.

Les også
Leit at den gamle vegen i Kleivane er stengd

Det var til stor sjenanse for folk frå Kuven og Kuventræ då noverande eigar av huset (i gamle dagar kalla hytto sidan det var fritidsbustad for familien Kuven som budde i Bergen. Hytto vart seinare utbygd til heilårsbustad) hadde ein schæfer som stod og gøydde tette ved vegen. Så kom det endringar i Kleiva, og det gjorde at vi følte vi gjekk med livet i hendene på den korte strekninga det gjaldt.

Deretter kom stenginga av vegen. Eg kjenner ikkje den noverande eigaren, og forstår ikkje tankegangen hans. Veit han noko om gamle vegrettar? Han seier ungane kan gå Kvednavegen. Ja, det er ikkje kortaste vegen, og om morgonen og seine ettermiddagar er det ein dyster og mørk skuleveg.

Kvednavegen har si eiga historie. Eg meiner det må ha vore sju kverner langs elva. Fire som høyrde til dei fire brukarane i Garden på Kuven, ei av dei høyrde til Prestegarden (kjelde Ivar Tvedt) og tre som høyrde til tre gardar på Moberg. Det er rart at det ikkje finst noko historisk materiale om kvernene. Eg finn i alle fall ingenting om kvernbruk i den framifrå Ossoga av Nils Tveit. Om det finst andre dokument, har eg ikkje innsikt i.

Eg opplevde sjølv i barndommen at Elias Moberg kom drivande kvit ut i døropninga på kvernhuset. Han hadde som eigar av garden på Kuven, det øvste kvernhuset. Ein dag i første klasse tok eg omvegen om Likbrekka, og tok ned til kvernhuset til anten Lars eller Øven Moberg og fekk smaka nykverna mjøl. Det er ein smak og ei lukt eg aldri gløymer.

Vi ungane på Kuven brukte området langs Kvednaelvo mykje. Vi leika Tarzan og slengde oss over elva med dei lange hatlestammane. Elva var kanskje mindre den gongen når stemmo regulerte vassføringa i elva. Elles var det ei bru, dvs. ein planke oppå fossen ovanfor kvernhuset til Elias Moberg. For den som var høgredd, var det ei stor utfordring å gå der (No mange år seinare ser eg kor liten fossen eigentleg er). Men vi måtte over elva for å "stela" kusemar hos Ingjaldane. Dei voks i hopetal under haslebuskane der. (Men no er der tomt for kusymre også der). Då var einaste løysinga å gå langs elva til brua og tilbake. Men då måtte vi trakka i graset, og det var ei dødssynd i min barndom. Ikkje slik som no. Dei fotballfrelste trakkar ned graset til Bjørn Moberg for å laga seg kortaste veg.

Tilbake til Kvednavegen. Forstår at den er dårlegare no enn før. Det er jo ein fin veg for turlag og turgåarar. Det var vegen vi sverma på i ungdommen, blei også kalla "kjærlighetstien" på folkemunne.

Som lesarane forstår, er dette minne frå mitt barndomsrike. Mykje har endra seg, m.a. er "Hauane" utbygd. Og det er bra at folk får seg hus. og mange skuleungar kan få lettvint skuleveg gjennom Kleivane. Eg kan berre ha att auga, så ser eg for meg kvar haug og tue slik det var før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nå håpar eg kommunen gjer sitt til at både Kleivane og Kvednavegen blir sett i stand att. Gamle vegrettar gjeld vel i Os? Og det finst vel politikarar og folk i teknisk etat som kan få fortgang i dette.

Frøydis Schjølberg