Sp sine verdiar: Vår visjon er at det å bu i bygdene våre må tilpassast i forhold til den tida vi er i. Dette er ikkje eit museum.

Betyr det noko for deg at borna dine kan sykla eller gå til skulen?

Vi i Senterpartiet kjempar for grendaskular der du bur.

Betyr det noko for deg at barnehagen ligg i nærleiken av der du bur? Vi i Sp kjempar for at det skal vera barnehage i bygdene slik at det er enkelt å levera og henta borna på veg til og frå jobb.

Nærleik, tryggleik og eit tilbod der folk bur, er Sp sitt mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode oppvekstsenter med skule/barnehage og SFO er ei løysing vi prioriterer der det er mogeleg.

Betyr det noko for deg at det er nærbutikk, idrettsplass, gode møteplassar og levande bygder?

Vi jobbar ikkje med sentralisering og nedlegging, men vekst og utvikling. Vår visjon er at det å bu i bygdene våre må tilpassast i forhold til den tida vi er i. Dette er ikkje eit museum.

Vi er for indre trasé

Betyr det noko at det blir produsert lokal mat?

Eit styrkt landbruk med fokus både på sjølvforsyningsgrad, kulturlandskap og nærleik til marknaden er viktig for Sp. Det må vera eit yrke det går an å leva av, og Sp støttar krava om betre lønsforhold for bonden.

Betyr det noko at Sp jobbar for ferjefri indre trasé?

Sp meiner at miljøøydelegginga med veg og bru over Reksteren og Bjørnafjorden er feilslått politikk. Det er ingen som byggjer ein firefelts veg til 3.500 bilar pr. dag. Skal det byggjast firefelts veg, må talet på bilar aukast til 12-13.000 per dag om det skal løna seg, og er det god miljøpolitikk?

Ferjefri veg over Tysnes og gjennom gamle Fusa knyter bygdene saman, og store bustad- og næringsområde kjem til sin rett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er næringsverksemdene langs vår langstrakte kyst og i fjordane våre som er berebjelkane i velferdssamfunnet vårt. Vi vil på ein berekraftig måte utvikla desse vidare.

Sp vil ha lys i husa i heile landet.

Vår tredje kandidat, Hans Inge Myrvold, er vår kampkandidat. Med ei mor frå Bjørnafjorden og far frå Kvinnherad, har vi eit ansvar for å få han på tinget.

Stem Sp.

Mikal Leigland