Samfunn: Vi må spørja oss kva slags samfunn vi ønskjer, og kven som ønskjer å busetja seg her?

Biblioteket som berebjelke i bygda, ikkje ein kortsiktig salderingspost

– Er vi blitt heilt historielause?

Eg registrerer at kommunalsjef for samfunn, næring og miljø, som også er kommunalsjef for kultur, føreslår å kutta biblioteket til margen. Er vi blitt heilt historielause?

Kulturens rolle har alltid blitt sterkare i tider med økonomisk motgang. Når kvardagen er krevjande, er det kulturen som samlar oss, gir oss håp, styrkar samhaldet og inspirerer til nye løysingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Biblioteket kan bli hardt råka: – Snakk om ein heilt annan type tilbod

Vi står overfor økonomiske utfordringar i kommunen vår, og eg forstår at prioriteringar må gjerast. Men dette er ikkje første gongen i verdshistoria at vi har dårleg råd, og historia viser at ein vanlegvis styrkar kunnskapsbaserte senter, ikkje legg dei brakk.

I 2003 var eg sjølv med på gjenopninga av det legendariske biblioteket i Alexandria, der originalen i Antikken representerte menneskets første forsøk på å samla all verdas kunnskap. Dette symboliserte mellom anna samarbeid og framsteg. Her møttest filosofar, forskarar og tenkjarar for å dela idear og utvikla innsikt som la grunnlaget for vitskap, litteratur og kultur.

I Europa under mellomalderen var klosterbiblioteka avgjerande for å bevara kunnskap i ei tid då utdanning og litteratur var utilgjengeleg for dei fleste.

På 1400-talet, saman med boktrykkarkunsten, vaks tilgangen til kunnskap, og biblioteka spela ei nøkkelrolle i å spreia ideane som dreiv renessansen og opplysningstida framover.

Bibliotek blei stader der folk kunne oppdaga nye idear og utfordra gamle oppfatningar, noko som bidrog til framsteg innan vitskap, kunst og politikk.

På 1800- og 1900-talet blei offentlege bibliotek etablert over heile verda som ein del av ein større sosial rørsle for å fremja utdanning og likestilling. Dei blei sett på som viktige verktøy for demokrati, der alle – uavhengig av klasse, kjønn eller bakgrunn – kunne få gratis tilgang til kunnskap og informasjon.

Det skal kosta noko for ein kommune å drive eit bibliotek, det er ei viktig samfunnsoppgåve som vert betalt over skattesetelen.

Les også
Biblioteket er viktig for ditt lokalmiljø!

I nyare tid har biblioteket tilpassa seg den digitale utviklinga. Dei fungerer no som teknologiske nav i tillegg til å vere eit samlingspunkt for lokalsamfunnet. Biblioteka har utvikla seg til å bli levande litteraturhus med tilbod som makerspace og ei rekkje arrangement.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi treng ikkje reise lenger enn til Bømlo, der dei nettopp har opna eit heilt nytt bibliotek designa av den kjende arkitekten Atwos. Han er oppteken av biblioteket som tilhaldsstad – det tredje rommet (heim og arbeid er dei to andre).

Bjørnafjorden hovedbibliotek gir i dag eit tilbod til alle aldersgrupper. Med deira meirope-tilbod er opningstida mellom 07.00-22.00 kvar dag. I tillegg har dei tilbod som kulturarrangement, arbeids-/studieplass, foredrag, offentleg samtale og debatt, viktige funksjon i eit lokalsamfunn.

Om vi då drar parallellar til ungdomsutfordringane i kommunen, blir det heilt bakvendt å kutta i eit velfungerande ungdomstilbod, med kunnskap som kjerne, samtidig som vi ikkje forstår kvifor ungdomen mistrivst.

La oss i staden styrka dei allereie etablerte sentera som biblioteket i Bjørnafjorden. Dei har allereie ei standing, eit rykte, og om vi gjer som Bømlo og utviklar i staden for å avvikla, vil vi kanskje sleppa å investera i andre førebyggjande tiltak framover.

Vi må spørja oss kva slags samfunn vi ønskjer, og kven som ønskjer å busetja seg her?

Kommunen har ein ambisjon om tilflytting, vi har utsikter til arbeidsplassar i Lyseparken, men Bjørnafjorden blir ikkje ein god stad å bu dersom vi berre har jobb og heim. Vi treng eit rikt og identitetsskapande kulturtilbod, som ein velfungerande kulturskule og eit nytt, framtidsretta bibliotek.

La oss ikkje kutta i framtidsmoglegheitene til barna våre, i pusterommet for dei som strevar, eller i det som gjer kommunen vår til ein god stad å bu.

Eg oppmodar til å ta eit steg tilbake og sjå på dei langsiktige konsekvensane. Kultur er ikkje ein luksus. Det er naudsynt – eit grunnlag for tryggleik, utvikling og trivsel. La oss i staden styrka desse tilboda, sjølv i krevjande tider. For det er nettopp då vi treng dei mest.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2027 har vi ei fantastisk moglegheit til å etablera eit heilt nytt bibliotek i same byggeprosjekt som Osøyro hotell, vegg i vegg med Oseana på Mobergsneset!

Bjørnafjorden har innbyggjarar som ønskjer å bu i ein levande kommune, ikkje ein kommune der det blir kutta i hjartet av samfunnet.

Invester i framtida. Bevar kulturtilbodet og styrk biblioteket!

Ole Tobias Lindeberg

Oseana kunst- og kultursenter