Verdt å merke seg: Det verdt å merke seg at Regjeringa ikkje følgjer opp med tilskotsmidlar til dei store investeringane i nye ferjer som fylka må gjere i samband med det grøne skiftet.

Billettprisane på ferjene må reduserast: Ferjer er veg

Hordaland Sp krev at staten tek meirkostnadene ved klimaomstillinga av fylka sin ferje og hurtigbåttrafikk.

Kostnadane for ferjereisande har auka stort frå nyttår, grunna den store omstillinga og elektrifiseringa av ferjeflåten i Hordaland. Dette har samla gitt ei så stor kostnadsauke, som ikkje er til å leve med. Dette gjeld i særleg grad pendlarar og næringsliv, som nyttar ferjesambanda hyppig.

Staten må sørgje for tilfredsstillande rammer til fylka, slik at denne meirkostnaden ikkje blir ført over på innbyggjarane aleine. Ruteproduksjonen må aukast og ein må ta omsyn til om ein er landfast. Hordaland Senterparti vil samstundes at Vestland fylke greier ut Autopass-ordninga, med eit passeringstak. Dette med særleg fokus for pendlarar og yrkestransporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som følgje av Regjeringa sin klimapolitikk har Hordaland fylke bestemt at ferjene skal elektrifiserast. Det verdt å merke seg at Regjeringa ikkje følgjer opp med tilskotsmidlar til dei store investeringane i nye ferjer som fylka må gjere i samband med det grøne skiftet.

Det ligg føre ein rapport (Menon-publikasjon nr. 4/19 ) som dokumenterer dei store ekstrakostnadane fylkeskommunen vert påført i samband med omstillinga. Det kan synast som regjeringa gjennom trong fylkesøkonomi vil tvinge fram ei ytterlegare sentralisering langs kysten. God distriktspolitikk skal leggje tilhøva til rette for gode liv og høg verdiskaping i alle delar av landet. Då må god og tenleg infrastruktur vere på plass. Eit velfungerande, godt utbygd båt- og ferjetilbod er ein viktig suksessfaktor for dette.

Ferjeavløysingsmidlar er ei svært distriktsvenleg ordning dersom ein får den til å fungere optimalt. Målet med ferjeavløysingsprosjekt er at stadig dyrare ferjesamband skal erstattast med bruer og tunnelar. Det vil føre til naturlege innsparingar i både privat og offentleg sektor. Det bidreg til næringsutvikling i distrikta, tilflytting, bevaring av lokalsamfunn og betre lokal beredskap. Utfordringa slik ordninga no fungerer, er at fylka som vil nytte seg av ordninga får store utgifter til rente på lån dei første åra av prosjektet. Der eit prosjekt får ferjeavløysingsmidlar og i tillegg har bompengefinansiering, vert dette av regelverkte tolka som 2 statlege støtteordningar. Det som kjem inn via bompengar vert trekt frå maksimumsbeløpet ein kan få. Dette må rettast opp. Bompengane, som er ei vidareføring av ferjebiletten, må nyttast til toppfinansiering av prosjektet og rentebetaling på lån. I dag er det mykje merksemd rundt store bru og samferdsleprosjekt, og det er ei av årsakene til at små men særs viktige prosjekt fell ut.

Hordaland Sp krev at ferjeavløysingsordninga vert endra slik at bompengane ikkje reduserer maksimumsbeløpet, men vert nytta til toppfinansiering og rentebetaling på lån.

Hordaland Sp vil realisere dei mindre ferjeavløysingsprosjekta først.

Hordaland Sp