Billegare: Det er billegare for kommunen å ha pasientar heime i staden for på sjukeheimen. Luranetunet har ikkje kapasitet til å ta imot desse pasientgruppene dersom tenesta legg ned.

Bjørnafjorden 22-innsparing kan føra til at ressursteamet blir lagt ned

Det er lett å riva ned ei slik teneste, men det tar lang tid å byggja ho opp att.

Samhandlingsreforma i 2012 blei oppretta fordi fleire sjukehus hadde eit vedvarande problem ved at mange pasientar som var ferdigbehandla, blei liggjande i gangane på sengepostane. Kommunane måtte betala døgnpengar fordi dei ikkje klarte å finna plass på sjukeheimen til alle som var ferdigbehandla og trengte sjukeheimsplass.

Les også
Budsjettet: Slik føreslår kommunedirektøren å spara inn 10 millionar på helse og velferd

Løysinga i 2013 blei å laga eit interkommunalt team som skulle ta seg av kreft-, kols- og diabetespasientane. Dette er store folkesjukdomar som mange vil få i løpet av livet. Det er kroniske sjukdomar som krev spesialkompetanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kreftsjukepleiaren veit at kreftpasientar har eit tøft behandlingsforløp og sjukepleiaren kan bistå med kunnskap om smerte, kvalme og ernæring, som er viktig for pasientane som strevar med å få i seg nok mat på grunn av cellegift eller har smerteproblematikk som må behandlast. Då kjem kompetansen til ein kreftsjukepleiar inn, som kan bistå kvar enkelt pasient når dei treng det.

Lungesjukepleieren har ei stor gruppe kolspasientar - opptil 200 menneske. Ho reiser heim til pasientane og hjelper med riktig inhalasjonsteknikk og kunnskap om behandling som kan hjelpa til ein betre kvardag. Dette er viktig fordi pasientane ofte er plaga av infeksjonar på grunn av slim som dei ikkje klarer å hosta opp. Det er skremmande å ha kjensla av at du ikkje får pusta og angsten som følgjer med ein slik situasjon.

Lungesjukepleiaren jobbar med fysioterapeut som viser teknikkar for å få opp slim. Utstyr som Cpap , Bipap eller oksygen er til god hjelp for pasientar. Difor underviser lungesjukepleiaren anna helsepersonell i bruk av utstyr for at pasientane skal ha god nytte av behandlinga.

Les også
Malin mista mamma i kreft: - Stort sett har eg det bra. Viss ikkje kan eg snakka med Emma.
Les også
Born sørger ikkje som dei vaksne

Diabetessjukepleiaren har pasientar i alle aldrar. Det er mogleg å få diabetes type 1 som nyfødd og som barn og vaksen. Diabetes type 2 er svært utbreidd i befolkninga og det er viktig å koma inn tidleg for å rettleia. Riktig injeksjonsteknikk og kunnskap om korleis insulin fungerer i forhold til mat og aktivitet, er ein grunnleggjande del av behandlinga.

I Noreg vert det brukt fem milliardar kroner på å behandla komplikasjonar av diabetes. Det å koma inn tidleg for å rettleia og førebyggja komplikasjonar og seinskadar, er til stor nytte for pasientane. Difor reiser diabetessjukepleiaren heim til pasientar for å hjelpa dei som strevar. Det er knytt ein lege i 10% stilling til denne gruppa.

Det har no gått sju år og vi har eit svært velfungerande team som har etablert seg og gir gode tenester på begge sider av fjorden og i Samnanger kommune (som betaler for tenesta ). Teamet fungerer som eit lågterskel-tilbod slik at pasientar og pårørande kan lett ta kontakt. Fysioterapeut og ergoterapeut med fleire jobbar tverrfagleg for at pasientane skal kunna klara å vera i eige hus og kjenna ein tryggleik over at det kjem kvalifisert helsepersonell som kan gjera livet betre slik at dei kan halda fram med å bu heime på ein trygg og forsvarleg måte.

Teamet har undervisning for anna helsepersonell, som palliasjonsnettverk i ulike avdelingar på Luranetunet. Dei avlastar heimesjukepleien for mange heimebesøk og sjukeheimen som elles hadde fått hyppigare innleggingar. Teamet har oppdrag i barnehagar, skular og andre institusjonar.

Det er etablert treningsgrupper knytt opp til fysioterapeut for kols- og kreftpasientar som fungerer som møteplass der pasientar kan treffa menneske med same symptom og utfordringar i kvardagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er billegare for kommunen å ha pasientar heime i staden for på sjukeheimen. Luranetunet har ikkje kapasitet til å ta imot desse pasientgruppene dersom tenesta legg ned.

Det er lett å riva ned ei slik teneste, men det tar lang tid å byggja ho opp att.

Tone Gry Lyssand

Hovudtillitsvald for Norsk Sykepleierforbund

Bjørnafjorden kommune