Bjørnafjorden - éin kommune etter fem år?
Ordførar og hans team bør ha fast kontortid éin dag per veke på Kommunetunet i Eikelandsosen.
Eg les med interesse Ella Marie Brekke Vangsnes si historiske oppsummering i Os & Fusaposten fredag 22. november.
Ja, det har gått fem år sidan samanslåinga, og me kan gjere opp mellombels status.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg var ein av dei som heia på unionen, og trudde me trong fem år for at det skulle gå seg til. Dessverre har Fusafjorden blitt djupare og breiare på fem år. Slik synest det her frå austsida. Dette på trass av at både ferje og buss går hyppig.
Så noko har blitt betre, men kjensla av éin kommune? Nei, dessverre.
Brekke Vangsnes peikar på tenesteytingar som grunnleggjande. Og at digitaliseringa gjer at ei gruppe, dei som aldri blir digitale, fell heilt utafor.
Eg vil koma med eit konkret forslag, som ikkje er det minste radikalt i mine auge, for å betra kommunal service på Fusa-sida.
Me har Kommunetunet i Eikelandsosen, med mange ledige kontor. Det disponerer kommunen, og huset bør absolutt ikkje seljast. Derimot, kommunal service, med ordførar og hans team i spissen, bør ha fast kontortid éin dag per veke i Kommunetunet i Eikelandsosen.
Fast kontortid, så folk kan innstilla seg på dette. Éin dag per veke er 20% av arbeidstida, og tilsvarer omlag vekta av folketalet på denne sida.
Med ein fast vekedag her, kan folk banka på døra, sjå og kjenna nærleik til tenester. Og motsett: Administrasjon og servicetilsette får nærleik til denne delen av kommunen - i alle fall om de gjev dykk sjølv fem års prøvetid.
Kontora og møterom står ledige, bussen går, computeren har hurtig breiband, og dei fleste oppgåver kan gjerast like godt her som der.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med unntak av den personlege servicen, som mange av oss saknar. Den kan gjerast mykje betre for oss på denne sida.
Og best av alt: Dette kan vel ikkje tyngja kommunebudsjettet mykje? Men det krev litt ny tankegang, og det vil nok vera det vanskelege. Dessverre er det lengre frå Os til Fusa enn motsett veg.
Så kan vi gjera opp ny status for Unionen om fem nye år!
Ole Bjørn Eikeland