Stor samfunnsnytte: Bjørnafjorden Frp meiner at sånne tiltak har stor samfunnsnytte, ikkje berre for den enkelte , men også for ein kommune.

Bjørnafjorden - «Helt med»

Heile kommunestyret i Bjørnafjorden slutta samrøystes opp om vårt verbalforslag om samarbeid med organisasjonen HELT MED. Dette er vi i Frp særs glade over.

Vi er glade på vegner av alle dei som vi i framtida kan gje eit meiningsfylt liv i arbeidslivet.

HELT MED er eit ideelt føretak som arbeider for å inkludera utviklingshemma i ordinært arbeidsliv. Modellen er utvikla i samarbeid med sentrale arbeidsgjevarar- og arbeidstakarorganisasjonar som Fellesforbundet, Handel og kontor, FO, Fagforbundet og NHO arbeid og inkludering. Tiltaket har fått støtte frå ideelle stiftingar og over statsbudsjettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I praktisk arbeid samarbeider dei tett med dei lokal NAV-kontora og ASVO–bedrifter. Meir informasjon kan ein finna på www.Heltmed.org.

Bjørnafjorden Frp meiner at sånne tiltak har stor samfunnsnytte, ikkje berre for den enkelte , men også for ein kommune. Når ein les og høyrer om glad-historiene, så vert ein reint rørt. Det å få vera deltakar i eit ordinært arbeidsliv betyr så uendeleg meir enn kroner på konto. Det at ein meistrar, spelar på lag, og ikkje minst får visa kva ein kan, har ein stor betydning for mange.

Det at ein har ein organisasjon som finn jobbar og følgjer opp den enkelte er også viktig sett ut i frå det å lukkast. Dette bidreg og til at ein frigjer kommunane og deira ressursar. Sjølv om ein har ønskt å villa få til dette i kommunal regi over tid, så viser det seg at det er vanskeleg. Men med denne organisasjonen har ein trua.

Laila Reiertsen

Bjørnafjorden Frp