Evaluering: Margunn Yndestad Samnøy er ein av dei som har teke til orde for ei evaluering av kommunesamanslåinga.

Blir innbyggjarane i Fusa og Os behandla likt?

Kva har skjedd med arbeidsplassar og tenester i Fusa? Blir innbyggjarane i Fusa og Os behandla likt?

Då Fusa og Os slo seg saman, vart det laga ein intensjonsavtale, der det står at Fusa og Os skal vera to likeverdige partar i Bjørnafjorden kommune. Vidare står det:

«Kommunesenteret i Bjørnafjorden kommune vert Osøyro. Kommunale arbeidsplassar skal fordelast mellom dei to kommunehusa og andre kommunale arbeidsstader. Arbeidsplassar vert fordelte om lag som i dag. Eikelandsosen vert kommunedelsenter i Bjørnafjorden kommune, og skal styrkast ved fordeling av funksjonar. Det skal leggjast vekt på å byggja opp robuste og heilskaplege fagmiljø både i Eikelandsosen og Osøyro.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Trist tur til Kommunetunet

Men kva er realiteten? Kva har skjedd med arbeidsplassar og tenester i Fusa? Blir innbyggjarane i Fusa og Os behandla likt?

For å finna ut av det, tok eg meg ein tur på Kommunetunet (rådhuset i Eikelandsosen). Det som møtte meg, var ei stengd dør. Ingen skilt som fortalde kvifor, eller når døra var open. Etter fleire bomturar kom eg meg inn, men eg såg ikkje ei sjel.

Etter å ha vandra inn og ut av Kommunetunet gjennom tjue år som politikar, var det trist å ikkje bli teken imot av ei smilande dame i ekspedisjonen. Det som møtte meg no, var tomme kontor innover korridorane.

Dette er ikkje i samsvar med intensjonsavtalen, og fekk meg til å tenkja: «Kva meir av lovnader er brotne?».

Det skulle ikkje mykje undersøking til, før eg forstod at det me i Senterpartiet brukte som argument mot samanslåing, hadde skjedd.

Ingen fagmiljø er igjen

Ekspedisjonen i Kommunetunet er borte og har ført til mykje mindre tilgjenge for innbyggjarane i Fusa.

Dei fleste leiarar og mellomleiarar i rådhusfunksjonar og på teknisk i Bjørnafjorden kommune, er tilsette frå tidlegare Os kommune. Dei som hadde tilsvarande stilling i Fusa kommune, vart fråtekne arbeidsoppgåver. Det førte til at ein del av dei sa seg opp. Med dei forsvann mykje god og naudsynt kunnskap.

Det er ingen fagmiljø igjen i Kommunetunet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har oppstått ei haldning om at ein ikkje kan påleggja tilsette frå Os å pendla til Eikelandsosen, mens det motsette er heilt i orden. Mange som no er pålagde å pendla til Os, kunne tenkja seg å framleis ha sin arbeidsstad i Eikelandsosen. Dei har fått ekstra belastning med kostnader til ferje, transport og ikkje minst tidsforbruk.

Berre nokre få arbeidsplassar er igjen i Kommunetunet. Planavdelinga har ingen igjen i Eikelandsosen. Byggesak har berre to tilsette igjen. Oppmåling er tilgjengeleg ein dag pr. veke.

Står heilt utan mange tilbod

Barnevernet, PPT, Flyktningtenesta, NAV og jordmortenesta er alle flytta til Os. Det same er personalavdelinga. IT har berre éin fast tilsett igjen i Fusa.

Kulturtenesta er mindre tilgjengeleg i Fusa.

Dokumentsenteret som skulle vera lokalisert i Eikelandsosen, er i dag delt mellom Os og Eikelandsosen.

Brann og redning er sterkt redusert.

Fusa er i dag heilt utan tilbod innan kvardagsrehabilitering, kreftomsorg, demensgruppe og svangerskapskontroll.

Dette er tenester me hadde bygd opp i Fusa, men som innbyggjarane no må reisa til Os for å få. I tillegg er det blitt større press på sjukeheimen med pasientar frå Os i tillegg til dei frå Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Råkar ungdomane

På ungdomsskulen er det blitt større klassar (Os-nivå) og difor dårlegare tilbod til elevane. Det er ikkje pengar til ekstraundervisning utover det lovpålagde.

Avslutningstur for avgangselevar vart også avlyst på grunn av økonomi.

Kommunale avgifter, spesielt vatn og avlaup, men også byggjesak, har auka kraftig for innbyggjarane i Fusa.

På toppen av det hele kom sal av Kommunetunet på sakslista. Sjølv om den vart avvist politisk, var det eit kraftig signal.

Underskriftskampanje

Det er difor starta ein underskriftskampanje for å få kommunestyret til å engasjera ein uavhengig aktør som skal evaluera kommunesamanslåinga og synleggjera konsekvensane ved å løysa opp igjen Bjørnafjorden kommune.

Du kan skrive deg på lista enten online eller når du møter ein av oss. Ta gjerne kontakt for meir info.

Margunn Y. Samnøy

PS: Kommunedirektøren er kjend med innhaldet i lesarbrevet.