Tel like mykje: Det er du sjølv som veit best kva som er viktig for deg. Kvar stemme tel like mykje.

Boikott er inga løysing. Det trugar demokratiet

Konsekvensen av boikott blir eit skadeskote demokrati.

Fredag 2. august skriv Sven Ole Tveit i eit lesarinnlegg at han oppfordrar folk til å boikotta stortings- og kommuneval.

Les også
No er det nok!

Dei siste åra har demokratia i verda falle som floger, og verdssamfunnet er prega av krig, krise og usikkerheit. I 2023 viser demokratiindeksen at færre enn 8 prosent av verdas befolkning bur i land med velfungerande demokrati. Dette viser kor viktig det er at me ivaretek det norske demokratiet. Det gjer me ikkje ved hjelp av boikott.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvar stemme tel

Om du ikkje brukar stemmeretten din ved å stemme ved val, gjer du ei mindre gruppe menneske moglegheita til å bestemme framtida di. Tanken med demokratiet er at kvar enkelt skal få vere med å avgjere korleis landet bør styrast. Det er du sjølv som veit best kva som er viktig for deg. Kvar stemme tel like mykje.

Dersom du ikkje ser deg einig med nokon av partia kan ein også avgi ei blank stemme. Om du vel å ikkje stemme har du heller ingenting å klaga på dersom du er misnøgd med dei som får makta, for du har hatt moglegheita til å påverke.

Å boikotta valet vil ikkje få valkrinsen Baldersheim tilbake. Istaden for å boikotte, oppfordrar eg deg heller til å ytre deg om kvifor det er viktig å ha ein valkrins på Baldersheim, istaden for ambulerande stemmegjeving.

Dei neste åra vil vere avgjerande for kva veg Noregs folkestyre tar, og difor er det svært viktig at alle er med å bidra ved å avgi stemme ved val, slik at vi beheld demokratiet vårt.

Mathilde Nonås

Leiar i ungdomsrådet