Floskel: Uttrykket «Bruk Naturen» er blitt ein floskel. Allemannsretten må brukast med respekt og i mindre porsjonar.

Bønder og fri natur på veg ut

I Os & Fusapostem fredag 30. april blir det vist til ein stor nedgang i talet bønder dei siste 20 åra i Os-bygda. Det er ikkje så merkeleg.

Les også
Då desse tre tok over for 20 år sidan, var det 23 bønder med mjølkekyr i Os. No er det berre seks att

Dei færraste næringar vil produsera med underskot år etter år. Og folk vil ikkje betala meir for maten. I alle fall ikkje når maten er så billig utanfor landegrensene. Dei har meir enn nok med faste utgifter for å bu i dette landet. «Og kom ikkje med det mølet om matberedskap. Me er lei av å høyra det igjen og igjen».

Og landbruksflekkane her på Vestlandet er for små, for våte og for kalde. Berre meir industrialisert landbruk, med større einingar og billig arbeidskraft, kan betala for investeringar i dette rådyre landet og gje denne næringa tilstrekkeleg status. Eller kanskje nokre lune, feite jordstykke med dyktige aktørar og enkle investeringar, med sal av mat lokalt utan fordyrande mellomledd, kan hjelpa noko.

Artikkelen held fram under annonsen.

Landbruket her har eksistert fram til no fordi familiemedlemer har bidratt med ekstra inntekter, og «alle» har hjelpt til. Fram til no.

Os-bygda er for tida i tillegg sterkt prega av urban utvikling. Framtidige bønder her gidd ikkje å driva vanleg landbruk på utstilling med lange kveldar og primale dufter. Landbruksflekkane her i bygda kan betre omformast til private hagebruksparsellar, eller større parkanlegg.

Gamlekommunen har neglisjert viktige delar av sin infrastruktur; slik som vegar, breie nok fotgjengarfelt, parkar i nærområdet der folk kan lufta seg, større offentlige friområde og aktivitetsplassar med god tilgang og parkering, og utvida distriktssenter.

Dette må dei ta seg råd til innan kort tid, noko eg ikkje trur dei vil skjøna.

Kvifor? Fordi utmarka ikkje lenger kan fungera som erstatning for friområde, park og avfallsplass.

Det er ikkje berre bønder som er på veg ut, men også dyra i «Hakkebakkeskogen» (unnateke hjort). Talet dyr og planter og talet artar er på full fart nedover grunna menneskeleg aktivitet. Mennesket (8 milliardar) breier seg på planeten uten respekt for naturen, mangfaldet og økologi. Mennesket inntek naturen med bråk og spetakkel, markerer med avføring, avfall, hundar og fluorert utstyr, og til tilfeldige tider på døgeret og sesong. Berre 2-3% av planeten si faste overflate er no upåverka av mennesket.

Å velta seg ut på Bjørnafjorden med dagens åtferd vil heller ikkje vera ei god alternativ løysing. Dyreartane sine levemønster blir forstyrra, dei forlèt sine habitat, og ingen avkom er resultatet.

Mennesket i framtida bør halda seg innanfor asfalt, parkar, offentlege friområde og fjelltoppar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uttrykket «Bruk Naturen» er blitt ein floskel. Allemannsretten må brukast med respekt og i mindre porsjonar.

Dersom landbruket blir borte, kan ein sleppa laus ulv, jerv, gaupe, bjørn og ørn til å vera kontrollørar av naturen. Mat til mennesket vil bli gjeve som ei veganpille som svel i magen og gjev oss mettingskjensle. Råstoffa til oss kjem frå Indusdalen, der me sjølve kom frå ein gong, også virus og svartedaudbakterien.

Olav Valle

Søfteland.