Sortering: Vi synest alle skulane i Bjørnafjorden kommune skal få sortera plast og matavfall.

Brev til ordføraren frå miljøagentane på Borgafjellet barneskule

Vi synes det er eit problem at vi ikkje får sortera plast og matavfall på skulen, når vi lærer om at dette er så viktig.

Vi er elevar på 4. trinn ved Borgafjellet barneskule.

På skulen vår er vi miljøagentar og har ansvar for å levera papirbosset. Heime sorterer vi matavfall og plast. Her på skulen har vi ikkje søppelspann til å sortera dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi synes det er eit problem at vi ikkje får sortera plast og matavfall på skulen, når vi lærer om at dette er så viktig.

Vi har lært at plast skal resirkulerast og at matavfallet skal bli til næringsrik jord.

Les også
Miljøagentane held orden på Borgafjellet barneskule. Dei har ein viktig beskjed til dei som styrer

Vi ønskjer å kjeldesortera matavfall og plast på vår skule. Då treng vi søppelspann. Vi forventar at bossbilen også kjem til vår skule og hentar matavfall og plast.

Vi synest alle skulane i Bjørnafjorden kommune skal få sortera plast og matavfall.

Dette er bra for miljøet og bra for oss. Det står i læreplanen.

Kan ordføraren hjelpa oss med dette?

Miljøagentane ved Borgafjellet barneskule.