– Ein skandale: Helga Holmefjord og Terje Kollbotn i Raudt meiner det er ein skandale at heile 14 nye statlege og fylkeskommunale fartøy har blitt bygd i utlandet sidan 2017.

Bygg norske fartøy ved norske verft!

Dei positive samfunnsmessige ringverknadene for norske lokalsamfunn og underleverandørar ved offentlege byggjeoppdrag til norske verksemder er ikkje vektlagt av styrande politikarar verken i stat eller fylke.

I starten av fellesferien kunne NRK Vestland melde at sidan 2017 har heile 14 nye statlege og fylkeskommunale fartøy blitt bygd i utlandet. Det siste i denne skandalerekka er Vestland fylkeskommune sitt nye opplæringsfartøy «Skulebas», som etter planen skal byggjast i Danmark. Taparane er norske industriarbeidsplassar langs kysten, med topp verftskompetanse, ivrige lærlingar og norske løns- og arbeidsvilkår. Dette skjer både på grunn av dagens offentlege anbodsreglar innafor EØS-avtalen og handlingslamma politikarar både i regjeringa og i fylkeskommunane.

Raudt har både på Stortinget og i Vestland fylkesting utfordra denne politikken, seinast i samband med utflagginga av bygginga av «Skulebas». Samfunnspolitisk og samfunnsøkonomisk er det, etter vårt syn, uakseptabelt og svært kortsiktig å sende slike offentlege oppdrag ut av landet. Dei positive samfunnsmessige ringverknadene for norske lokalsamfunn og underleverandørar ved offentlege byggjeoppdrag til norske verksemder er ikkje vektlagt av styrande politikarar verken i stat eller fylke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at det vart kjend at det nye norske havforskningsskipet skulle byggjast i Nederland, medan norske verft vart vraka, reiste vår partileiar Bjørnar Moxnes eit forslag i Stortinget om å stoppe utflagging og subsidielekkasje til utlandet. Dette kan skje ved å endre lov om offentlege innkjøp og oppdrag for å sikre auka aktivitet og sysselsetjing her til lands. Forslaga fekk støtte av Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet. Ved eit nytt stortingsfleirtal, ei ny regjering og mange fleire Raudt-representantar på Stortinget, vil dette forslaget kunne få fleirtal etter valet til hausten. Då vil vi igjen kunne bli herre i eige hus og få slutt på molbo-politikken på dette feltet.

Terje Kollbotn

Helga Holmefjord

Stortingskandidatar for Raudt Hordaland