Ikkje like langt: Alle elevar i grunnskulen i Fusa-delen av Bjørnafjorden har i dag sin eigen Chromebook. I Os-delen av kommunen har ein ikkje kome like langt i dette arbeidet.

Chromebook til alle elevane våre og gode digitale klasserom

Digital satsing i skulen har i år vorte meir aktuelt enn nokonsinne.

Då skulane vart stengde ned i mars i år, vart vi tvungne til å ta i bruk fjernundervisning via heimeskule. I dei fleste heimar er det i dag eit utval av digitale verktøy tilgjengeleg. I husstandar med fleire born på heimeskule og foreldre på heimekontor, har undervisninga likevel vorte svært krevjande, fordi borna ikkje har hatt sitt eige utstyr.

I tidlegare Fusa kommune var digitale verktøy i skulen høgt prioritert. Alle elevar i grunnskulen i Fusa-delen av Bjørnafjorden har difor i dag sin eigen Chromebook. I Os-delen av kommunen har ein ikkje kome like langt i dette arbeidet. Om lag 700 elevar på barnetrinnet er her framleis utan Chromebook. Dette vil Høgre no retta opp i.

Artikkelen held fram under annonsen.

I vårt alternative budsjett har vi saman med Frp lagt inn 2 mill. kr. årleg i økonomiplanperioden til innkjøp av maskiner og til fornying av maskinparken. Målet vårt er å sikra ei best mogeleg digital kompetanseutvikling hos alle elevar i skulane våre. Med denne satsinga vil vi også vera betre rusta til å ta i bruk fjernundervisning i framtida.

I tillegg til satsinga på Chromebook til alle elevar, har vi òg i vårt budsjettforslag signalisert at vi ynskjer å nytta noko av eit eventuelt overskot for 2020 på audiovisuelt utstyr (AV-utstyr) i klasseromma.

Kvaliteten på AV- utstyret varierer både frå skule til skule, og frå klasserom til klasserom i kommunen vår. Desse forskjellane vil Høgre gjera noko med.

Gjennom eit digitaliseringsløft på utstyrssida vil vi heva kvaliteten på undervisninga. Dette til beste for både eleven og læraren.

Marie E. Bruarøy

Høgre