Tragedie: - Det vil vera ein tragedie om Stortinget vedtek den føreslåtte endringa, meiner Magne Djuvik.

Dei offentlege flaggstengene vert ei politisk slagmark

Av ein eller annan grunn har regjeringa sendt ut eit framlegg om å endra flagglova.

Kommunane er invitert til å uttala seg om framlegget før saka vert avgjort i Stortinget. Endringa går i kortheit ut på at den enkelte kommune skal avgjerda kva flagg det er lov å hengja opp på offentlege flaggstenger.

Eg er veldig glad for at eit fleirtal, 21 av 35, røysta for å behalda dagens flagglov. Dagens flagglov er forbeholdt det norske flagget, det Samiske flagg, kommune og fylkesflagg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom dette skal avgjerast av den enkelte kommune. Kva skjer då?

– Det vert ulik praksis frå kommune til kommune

– Praksis kan endra seg frå kommunestyreperiode til kommunestyreperiode alt etter kven som har fleirtal i kommunestyret

– Dei offentlege flaggstengene vert ei politisk slagmark.

Det vil vera ein tragedie om Stortinget vedtek den føreslåtte endringa.

Magne Djuvik

Kommunestyremedlem

Medlem Partiet De Kristne