Forventning: Som ansvarleg politikar for Bjørnafjorden sine innbyggjarar, forventar vi at du ikkje stemmer for å redusera desse tilboda for sårbare bjørnafjordingar, skriv Ernst Hoff til lokalpolitikarane.

Det er med stor undring og sjokk me les siste budsjettframlegg

Her skal det kuttast i fleire lågterskeltilbod mynta på godt vaksne og sårbare grupper i Bjørnafjorden.

Dette til tross for at helsefremjande og førebyggjande arbeid er lovpålagt - jamfør Kommunehelselova.

Les også
Budsjettet: Slik føreslår kommunedirektøren å spara inn 10 millionar på helse og velferd

Innan områda «Helsefremming og rehabilitering» er det føreslått å kutta tryggleikssjukepleiar, diagnosespesifikke stillingar (krefteam, kolsteam og diabetesteam) og kreftkoordinator som gjev bortfall av støtte til pårørande, rehabilitering etter kreftsjukdom osv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er område som ikkje berre går ut over pasientar, men i høg grad også fleire pårørande. Det er også i strid med kommunen sitt eige strategidokument der det står at vi satsar på førebyggjande arbeid og tidleg innsats.

Som ansvarleg politikar for Bjørnafjorden sine innbyggjarar forventar vi at du ikkje stemmer for å redusera desse tilboda for sårbare bjørnafjordingar.

Ernst Hoff

Leiar

Bjørnafjorden Senior Høyre

Les også
Kuttforslag på fem millionar for stab og fellesområde: - Må tenkja nytt og kreativt
Les også
Budsjett 2021: Innsparingar på 17 millionar i oppvekstsektoren - dette er forslaga