Må: – Dei fleste av oss køyrer ikkje bil berre fordi det er kjekt. Fakta er at folk køyrer bil fordi dei må, skriv Magne Djuvik i dette lesarinnlegget.

Det grøne skiftet – lykke eller katastrofe?

Når Stortinget har vedteke å selja vasskrafta til Europa, må det vera fordi politikarane ønskjer at det skal vera dyrtid, arbeidsløyse og fattigdom, her heime.

For at det ikkje skal vera tvil. Eg trur dei fleste er einige om at det er viktig:

* Å ta vare på skaparverket.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Å ta vare på produksjonsgrunnlaget for matproduksjon på land og i sjø.

Her har Norge mykje ugjort arbeid.

Parisavtalen

I desember 2015 vart det inngått ein avtale mellom verdas land, Parisavtalen. Når den vart behandla i Stortinget, røysta alle partia på Stortinget ja til avtalen. Avtalen forplikta Norge til å redusera bruken av fossilt brennstoff. Det vil seia diesel og bensin.

For å nå det målet har alle parti på Stortinget vore med på å auka avgiftene/prisane på diesel og bensin. Dei fleste av oss køyrer ikkje bil berre fordi det er kjekt. Fakta er at folk køyrer bil fordi dei må. Folk må på jobb. Me må levera i barnehage, fritidsaktivitetar osv. Å auka avgifter/pris på bensin og diesel er derfor ein ekstra skatt som råkar dei som har minst, hardast. Når Stortinget har vedteke dette, må det vera fordi politikarane ønskjer det skal vera slik.

Vasskraft i over 100 år

I 1906 vedtok Stortinget dei første konsesjonslovene. Formålet var å bevara vasskrafta på norske hender. Politikarane den gongen såg kor viktig det var for folk og næringsliv at denne fornybare ressursen er på norske hender.

Det var vel ikkje nokon som den gongen såg at dagens politikarar omgår lovas intensjon ved å selja vasskrafta til europeiske land. Dagens Storting vil ha det slik.

Utanlandskablane

Regjeringa Solberg godkjende bygging av desse kablane. Tyskland og andre land i Europa la ned kolkraftverk og atomkraftverk (for å nå måla i Parisavtalen).

Regjeringa Støre har gjennom desse kablane levert straum til europeiske land. Siste år, frå november -21 til november -22, leverte Norge straum for 18 milliardar meir enn me importerte. Dette fører til ekstremt høge straumprisar i deler av Norge. Kva gjer så staten? Dei håvar inn milliardar som følgje av dei høge straumprisane. Så deler dei ut smular til nokre av oss. Med andre ord: Staten tek med den eine handa, og deler ut med den andre. Deler ut etter reglar dei sjølve har laga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med ein normal straumpris ville:

* Privatkundar og næringsliv spart enorme beløp som dei sjølve kunne disponert.

* Folk ville opplevd mykje lågare prisauke på mat og andre varer.

* Arbeidsplassar ville vore berga.

* Lågare prisauke betyr lågare inflasjon og dermed lågare rente.

Når Stortinget har vedteke å selja vasskrafta til Europa, må det vera fordi politikarane ønskjer at det skal vera dyrtid, arbeidsløyse og fattigdom, her heime.

Matvareprisane

Med varsla auke på nyåret, vil prisen på mat ha auka med 22 prosent dei siste 13 månadene. Årsak: Produksjonskostnadane har auka.

Det vil seia at auka pris på bensin/diesel og straum fører til auka priser på matvarer. Når Stortinget har vedteke auka produksjonskostnader (drivstoff og straum), må det vera fordi politikarane ønskjer det skal vera slik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krigen i Ukraina

Når politikarane vert pressa på dyrtid og auka fattigdom, legg dei skulda på krigen i Ukraina. Til det er det å seia at prisauken på straum, bensin og diesel starta før krigen braut ut. At krigen har forsterka prisauken, ja, men den er langt frå årsaka. Årsaka ligg i val politikarane på Stortinget har gjort.

Oppsummert

Dyrtid, arbeidsløyse og fattigdom er eit politisk val i Stortinget, uavhengig av regjering.

Politikarane si oppgåve er ikkje å tilfredsstilla klimafanatikarane med høge skattar og avgifter. Det fører til arbeidsløyse og fattigdom.

Årsaka til dyrtida er ikkje krigen i Ukraina, men politiske val i Norge.

Norge gjennomførte sitt grøne skifte for meir enn 100 år sidan.

Norge treng ny politikk når det gjeld å ta vare på produksjonsgrunnlaget for produksjon av mat på land og i sjø.

Politikarane si oppgåve er å føra ein politikk som sikrar folk arbeid, og ei inntekt til å leva av.

Nei, til det grøne skiftet, slik Parisavtalen og Stortinget definerer det, er ein katastrofe for folk og næringsliv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ja, til eit grønt skifte som betyr:

* Å ta vare på skaparverket.

* Å ta vare på produksjonsgrunnlaget for mat i sjø og på land.

Magne Djuvik

Kommunestyremedlem Bjørnafjorden Kommune

Styreleiar Konservativt Bjørnafjorden