Kvar veke: Nesten kvar veke høyrer ein om sjukepleiarar som sluttar i vår kommune. Spesielt råka er helseinstitusjonane våre.

Det held ikkje lengre med berre prat!

Sett opp i mot nesten 15 millionar i vikarutgifter innan helse i 2020, burde ein rekrutteringsstrategi allereie vore på plass i Bjørnafjorden.

Vi manglar over 6.000 sjukepleiarar i landet. I løpet av 15 år forventar ein at talet vil stiga til 28.000.

Under pandemien har sjukepleiarar og helsefagarbeidarar gjort ein formidabel innsats. Løna bør aukast fordi dei fortener det. Men også fordi høgare løn vil kunna bidra til auka rekruttering og at fleire vel å bli i yrket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Brukte 45 millionar kroner på vikarar innan helse og omsorg i åra før samanslåinga
Les også
Tidlegare varaordførar om vikarbruken: - Dette var bevisst politikk i Fusa

Frp vedtok ein resolusjon på sitt landsmøte i mai om ein opptrappingsplan for å sikra fleire sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i åra som kjem. Vår treårige opptrappingsplan for desse omfattar blant anna: Lønsløft, auke i talet på studieplassar og lovfesta plikt for kommunane til å gje praksisplassar til dei som tek helseutdanning på ulike område. Kommunane vert pålagt å følgja opp Riksrevisjonens rapportar om bemannings – og kompetanseutfordringar samt utarbeida ein plan for å løysa dette på kort og lang sikt.

Men kva kan ein gjera her og no i vår kommune?

I Bjørnafjorden har den raude behovslampa for sjukepleiarar blinka jamt og trutt i lengre tid. Ein snakkar på både inn og - utpust om at vi må få på plass ein rekrutteringsstrategi. I årsmeldinga for 2020 og i 1. tertial er ordet rekruttering ein gjengangar.

Sett opp i mot nesten 15 millionar i vikarutgifter innan helse for 2020, burde ein rekrutteringsstrategi samt incitament til dei ein allereie har, allereie vore på plass. Vi har ikkje råd å mista nokon. Samstundes ser ein at det vert jobba godt med å få oversikt over vikarutgiftene og at ein kan enda på ei halvering i år, sett opp mot fjoråret. Det er bra.

Les også
— Vi har heilt sidan samanslåinga jobba med å kutta ned bruken av vikarbyrå
Les også
Reagerer sterkt på utgiftene til vikarbruk: — Dette kan vi berre ikkje halda fram med

Det hastar meir enn nokon gong med å setja rekruttering på dagsorden.

Nesten kvar veke høyrer ein om sjukepleiarar som sluttar i vår kommune. Spesielt råka er helseinstitusjonane våre. Ein bør kartleggja årsakene og ikkje minst burde ein ha vore open på kva som skal til for å behalda nokon som er i ferd med å slutta. Tida er over for at ein tek det som sjølvsagt at det er lett å få tak i ein ny sjukepleiar.

Det held ikkje lengre at kommunal leiing støttar seg på « Om vi freistar å gje litt høgare løn, gjer gjerne dei vi konkurrerer med det same». Kva signal er det å senda til sjukepleiarar? Me hadde sikkert ikkje høyrt det same om det var ei anna yrkesgruppe ein hadde behov for. Slike utsegn er med å trykkja sjukepleiaryrket ned. Og dette gjev lite tillit og dårlege signal om at ein verkeleg vil gjera det ein kan for å rekruttera og behalda.

Vi kan då ikkje bry oss om kva andre gjer! Er det ikkje innbyggjarane i Bjørnafjorden som treng nødvendig helsehjelp, der sjukepleiarane sin kompetanse er det styrande for rekrutteringa? Og ikkje kva nabokommunane gjer ?

Artikkelen held fram under annonsen.

No er tida inne for mindre prat og meir handling.

Målet må vera at den raude behovslampa vil lysa meir i grønt enn i raudt. Og at ein får sett fart i rekrutteringa. Vi er opptatt av berekraft. Eg vil minna kommunen om berekraftsmål nr. 8. «Fremme varig, inkluderende og bærekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle».

Vi er dessverre ikkje der for sjukepleiarane i Bjørnafjorden kommune i dag. Men vi kan koma der. Om ein har handlekraft og vilje.

Laila Reiertsen

Bjørnafjorden Frp