Nytt slikt tilfelle: Det var vel heller ingen som blei spurd då det blei bestemt at vi skulle senda straum rundt om i Europa. Eg meiner dette kan vera eit nytt slikt tilfelle.

Dette prosjektet må stoppast. Det er ikkje for seint å gjera noko med det

Barbra Nymark (82) fryktar eit nyleg omtalt straumanlegg med fjordkabel gjennom Bjørnafjorden, og konsekvensane for innbyggjarane.

Tysdag 4. januar las eg i Os & Fusaposten at Aker BP og Equinor har søkt Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om løyve for bygging og drift av nytt landstraumanlegg frå Samnanger transformatorstasjon til oljefelta NOA og Krafla i Nordsjøen. Tiltaket vedkjem Samnanger, Fitjar, Bjørnafjorden, Tysnes, Øygarden og Austevoll kommunar.

Det står i saka at søknaden er sendt til høyring til regionale og lokale styresmakter, interesseorganisasjonar og råka partar. Innbyggjarane i dei nemnde kommunane er i aller høgste grad råka partar. Slik eg les det, får ingen av dei nemnde kommunane nytte av dette. Det positive med saka, er at dette framleis berre er planar, og at det går an å gjera noko for å stoppa det. Fristen må dei berre skubba på, for det er ikkje alle det gjeld som har fått dette skrivet. Eg ønskjer informasjon til alle innbyggjarane i alle kommunane dette gjeld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg har forståing for at dei ønskjer seg straum frå land, men ikkje for at det skal gå på bekostning av vår straumrekning. Det var vel heller ingen som blei spurd då det blei bestemt at vi skulle senda straum rundt om i Europa. Eg meiner dette kan vera eit nytt slikt tilfelle.

Barbra Nymark (82)