Fellesskap: Vi vil jobba vidare for at Bjørnafjorden skal vera ein inkluderande kommune med rom og fellesskap for alle.

Dette viser tydeleg at kampen for mangfaldet i samfunnet ikkje er over

Vi i Bjørnafjorden Arbeidarparti er rysta over det som skjedde i Oslo fredag, der menneske som var ute og feira livet, fridomen og kjærleiken, vart angripne.

To er døde og 19 skada. Endå fleire sit heime med ei frykt over kva som no skjer i samfunnet.

Dette viser tydelig at kampen for mangfaldet i samfunnet ikkje er over, og vi vil vise vår støtte og sympati i slike mørke tider. Aller helst ville vi ha heisa Pride-flagget på Rådhuset i dag og latt det vaie stolt i vinden.

Trine Lindborg (Ap) løfta flaggsaka i tidligare Os kommune og då flaggreglementet kom opp i Bjørnafjorden kommunen, men fekk ikkje fleirtal.

I ly av det som skjedde fredag, vil vi i Ap nok ein gong løfte inn sak til kommunestyret om å endre lokalt flaggreglementet slik at vi får lov til å heise Pride-flagget og feire mangfold og kjærleik i Bjørnafjorden - sjølv uten eige arrangement.

Vi håpar òg at vi til neste år får eit Pride-arrangement i kommunen, og at alle bjørnafjordingar får sjansen til å vise si støtte.

Vi vil jobba vidare for at Bjørnafjorden skal vera ein inkluderande kommune med rom og fellesskap for alle. Ingen skal måtte frykte for livet på grunn av kven dei er.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leve kjærleiken, leve mangfoldet. Leve Pride!

Bjørnafjorden Ap