Reagerer: Sissel Lothe Høvik (innfelt), reagerer etter å ha lese eit oppslag i avisa angåande kutt i bemanninga innan helse og velferd. Ho rettar nokre spørsmål til konstituert kommunalsjef for helse og velferd, Torgeir Sæter.

Eg blir provosert på vegner av alle flotte tilsette innan helse og velferd

Noko som ser smart ut ved skrivebordet, er ikkje nødvendigvis det i det verkelege liv!

Helse må ta ned drifta med om lag 60 millionar i 2023, les eg i Os & Fusaposten. Konstituert kommunalsjef for helse- og velferd meiner lønsutgiftene må ned, og dette skal skje ved å redusere grunnbemanninga.

Eg blir provosert på vegner av alle flotte tilsette innan helse og velferd når Torgeir Sæter seier "vi må koma i gang og auka innsatsen i forhold til slik det er i dag". Trur verkeleg Torgeir Sæter at dei tilsette har mykje å gå på? At ein ved å auka innsatsen kan spara mange millionar? Har verkeleg ein kommunalsjef for helse og velferd så lite kjennskap til kvardagen for tilsette innan eininga? Har han ingen idé om kor travel t.d. ei vakt på ein sjukeheim er — allereie med dagens grunnbemanning?

Artikkelen held fram under annonsen.

Skuffa: – Eg jobbar ikkje innan helse sjølv, men eg har ei mor på Lurane, og eg kjenner fleire som jobbar der - i tillegg er det jo mykje eg kjenner att frå skulen - der eg jobbar. Det er travle dagar. Ei kjensle av å aldri gjera ein god nok jobb. Alltid eit ønske om at vi burde vera fleire på jobb, seier Sissel Lothe Høvik.

Arbeid på sjukeheim er tøft både fysisk og psykisk. Det er travle dagar, det er allereie stor slitasje på tilsette, og som Torgeir Sæter viser til, høge utgifter til vikarar. Korleis trur Torgeir Sæter dette vil utvikla seg om grunnbemanninga blir lågare?

Eg trur lågare grunnbemanning vil føra til endå større sjukefråvær — og auka kostnader til vikarar. Ikkje berre fryktar eg fleire belastningsskadar, eg er redd for auka "psykisk slitasje". Om du aldri føler at du får gjort jobben så godt som du ønskjer, så godt som brukarane fortener — om du stadig går heim med dårleg samvit for alt du gjerne ville ha gjort, men ikkje fekk tid til, då gjer det noko med psyken din.

Belastningsskadar og psykiske utfordringar er kjent for å kunna gje langvarig sjukefråvær, men eg trur også korttidsfråværet vil auka. Lågare immunforsvar på grunn av stress og dermed fleire infeksjonssjukdommar er éin ting. Ein annan er dei dagane du ikkje er heilt i form og må tenkja over om du skal gå på jobb eller ikkje. Eg trur ein lettare hamnar på å bli heime om ein veit at det blir veldig travelt på jobb.

Noko som ser smart ut ved skrivebordet, er ikkje nødvendigvis det i det verkelege liv!

"Utrulege ting kan skje om begeistring vert brukt som drivkraft!", siterer Torgeir Sæter kong Olav.

Kva begeistring forventar eigentleg Torgeir Sæter av forslaget om lågare grunnbemanning og auka innsats?

Sissel Lothe Høvik

Torgeir Sæter er kjend med lesarinnlegget, og har lese det. Han ønskjer ikkje å kommentera.