Den rette måten: - Eg ønskjer sjølvsagt alt det beste for den nye kommunen og ønskjer til liks med Øyvind Tøsdal at utviklinga ikkje skal stoppa opp, men at det skjer på rette måten.

- Eg har aldri mistenkt Øyvind Tøsdal for å bryta plan- og bygningslova

Eg har aldri mistenkt Øyvind Tøsdal for å bryta plan- og bygningslova, sjølv om han vel å tolka den til eigen fordel.

Eg hadde ein generell kommentar i Os & Fusaposten om dispensasjonspraksisen i Os kommune frå midten av 1990-talet fram til Bjørnafjorden vart etablert med nytt styresett. Så var eg så «uheldig» å nemna Øyvind Tøsdal sitt namn. Øyvind Tøsdal driv lobbyverksemd for utbyggjarsida og tek mine ord i verste meining.

Les også
Som eit gufs frå fortida - svar til Ole Haakon Lunde
Les også
Bjørnafjorden kommune – ja- eller nei-holdning?

Eg har aldri mistenkt han for å bryta plan- og bygningslova, sjølv om han vel å tolka den til eigen fordel. Frå tidlegare tider kjenner eg Øyvind Tøsdal som ein rettskaffen mann med ein god del humor. Men det er ikkje humor som pregar innlegget hans den 10. mars der han rettar ein grusom salve mot det nye politiske regimet i Bjørnafjorden kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Bjørnafjorden kommune – ja- eller nei-holdning?

I det innlegget hevdar han mellom anna at «Bjørnafjorden kommune kan ikkje påleggja ein privat utbyggjar å regulera på annan manns grunn». Dette meiner eg faktisk er feil. Det ligg innanfor kommunen sitt mynde som reguleringsmyndigheit å fastsetja planavgrensinga. Naboen min kan regulera min eigedom til friområde, byggjeområde eller fortau mot min vilje, men om han får gjennomført planen, er ei anna sak. Gjennomføring må skje ved avtale eller eventuelt oreigning med kommunen si hjelp. At Plan- og bygningsutvalet stiller krav om opprusting av ein tilkomstveg, er også «innafor», slik eg vurderer det, og faktisk heilt normalt.

Les også
Kommentar og to spørsmål til Ståle Øvrebø

Tøsdal stiller meg to heilt konkrete spørsmål og vil ha ja/nei svar. Tøsdal burde med si lange erfaring vita at han sjeldan får ja/nei svar frå ein jurist.

1. Er det i strid med plan- og bygningslova å gi løyve til regulering av eit mindre areal enn heile arealet sett av til utbygging i gjeldande område?

Svar: Om det ikkje direkte er i strid med lova, kan det vera i strid med lova sin formålsparagraf om heilskapleg planlegging til beste for samfunnet. Så svaret blir at det er ei skjønnsmessig vurdering.

2. Er det ulovleg å gi dispensasjon til bygging i 100-metersbeltet mot sjø, utan å måtta gå gjennom prosess med reguleringsplan først, for ei tomt som i arealplanen ligg i område sett av til bustadbygging?

Svar: Om ein dispensasjon er i strid med lova, må vurderast konkret i kvart tilfelle. Eg kan difor ikkje gi eit generelt svar på dette.

Eg vil elles visa til nestleiaren i Plan- og bygningsutvalet sitt innlegg i Os- og Fusaposten 13.03.2020 der han hevdar at «Dispensasjon frå plankrav er presis årsaken til at vi har mange bustadområde med dårleg kvalitet i kommunen».

Hvis dette med dårleg kvalitet stemmer, er det kanskje på tide at kommunen tar plankravet meir på alvor. Eg ønskjer sjølvsagt alt det beste for den nye kommunen og ønskjer til liks med Øyvind Tøsdal at utviklinga ikkje skal stoppa opp, men at det skjer på rette måten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ståle Øvrebø