Enkelte stader: For å kunna gje ei sikker renovasjonsteneste, heile året, bed vi enkelte stader kundane om å plassera bosspannene eit stykke unna bustaden på ein plass som vi kjem fram til med bilen hele året.

Ei tilpassa løysing som gjev sikre renovasjonstenester

Det er ikkje til å stikka under ein stol at den varierande topografien påverkar drifta vår og korleis vi best kan levera renovasjonstenestene til innbyggjarane.

Vi har busett oss både høgt og lågt i det vakre, kuperte terrenget på Vestlandet. Det er ikkje til å stikka under ein stol at den varierande topografien, med ulike terrengforhold som vegar, elvar, tettbygde strøk, høgde, hellingsgrad, og meir, påverkar drifta vår og korleis vi best kan levera renovasjonstenestene til innbyggjarane. Spesielt vinterstid aukar utfordringane i nokre bustadfelt. For å kunna gje ei sikker renovasjonsteneste, heile året, bed vi enkelte stader kundane om å plassera bosspannene eit stykke unna bustaden på ein plass som vi kjem fram til med bilen hele året.

Les også
Opp denne bakken forventar BIR at Karin (83) og Svanhild (70) skal dra bosspanna sine

Bossposane blir så borne til bosspannet, men det er sjeldan meir enn eit par hundre meter å gå. Innimellom får vi høyra at forbipasserande og naboar tek i bruk naboen sitt bosspann, og skulle det bli eit problem, kan det ordnast med ein låsebøyel til 145 kroner som blir brukt saman med ein hengjelås. Ei sikker renovasjonsteneste betyr dessutan både at BIR kjem og hentar avfallet etter tømmeplanen og at renovatøranes arbeidskvardag er trafikksikker og trygg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Svanhild og Karin må framleis dra bosset opp brattebakken: Får hjelp av eldrerådet
Les også
— Dette handlar hundre prosent om trafikktryggleik - ingenting anna

Spesielt bratte, glatte og svingete vegar gjer at risikobiletet endrar seg monaleg, og manglande eller dårleg brøyting, gjer at servicenivået kan dala mange hakk. Det ønskjer vi ikkje. BIR ønskjer å levera ein stabil og trygg renovasjonsteneste til alle innbyggjarane i kommunen gjennom hele året.

Tina Skudal

Kommunikasjonsrådgjevar i BIR