Eigarane: Det noverande styret vil helst ikkje at eigarane skal ha noko å seia, i alle høve ikkje dei små – som så langt eg kan sjå framleis er i fleirtal.

Eigarane skal ha det avgjerande ordet - svar til Egil Haugland

Egil Haugland spør: Kven skal ha det avgjerande ord i Os & Fusaposten? For meg er svaret klart: Eigarane på generalforsamlinga.

Først eit par rettingar til Egil Hauglands innlegg, datert 28. juni og publisert kl. 19.34. Eg var styremedlem i Os og Fusaposten AS, men eg har aldri vore styreleiar. Laila Stabell og eg hadde til saman 23 prosent av aksjane i avisa på det meste. Då kunne me sjølvsagt ikkje selja 30 prosent av aksjane, slik Haugland skriv.

Les også
Kven skal ha det avgjerande ord i Os & Fusaposten?

I juni 2014 avtalte me å selja 130 av våre i alt 142 aksjar – 65 (10,6 prosent) til Bladet Sunnhordland og 65 (10,6 prosent) til Odd Øie, til saman 21,1 prosent. Korkje Laila eller eg har selt aksjar til Amble investment AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Haugland har heilt rett i at lokalavisa har vore gjennom ei høgst tiltrengt modernisering. Æren for at dette har gått så bra må tilskrivast både dei tilsette, med redaktør Jostein Halland i spissen, og dagleg leiar Reidar Hystad frå Bladet Sunnhordland. Det er heller ikkje dette som er problemet.

Egil Haugland spør: Kven skal ha det avgjerande ord i Os & Fusaposten? For meg er svaret klart: Eigarane på generalforsamlinga. Det er då ein kan velja kven som skal sitja i styret. Men det noverande styret vil helst ikkje at eigarane skal ha noko å seia, i alle høve ikkje dei små – som så langt eg kan sjå framleis er i fleirtal.

I år ville dei først ikkje ha fysisk årsmøte i det heile. Aksjonærane skulle kryssa av på eit skjema og senda inn, og så skulle styreleiar og dagleg leiar sitja på årsmøtet og telja opp. Altså utan at aksjonærane fekk høve til å stille spørsmål og koma med innspel.

Dette vart det protestert på, men protestane vart avviste av styreleiar Elisabeth Netland. Først etter fleire protestar gav styret etter og kalla inn til fysisk årsmøte i Vognhallen på Os 28. mai.

Her var det mykje rot, slik det har vore på kvart einaste årsmøte sidan Elisabeth Netland vart styreleiar.

Les også
Ope brev til styret i Os & Fusaposten: Årsmøtet må haldast no!

I 2018 hadde generalforsamlinga bede om ei avklaring av røysterettsreglane i høve til aksjeloven. Den skulle leggjast fram for årsmøtet i 2019. Det vart ikkje gjort.

Då Bergljot Lyssand Bjørø og eg i valnemnda stilte spørsmål til styret om dette, fekk me svar etter fire og ein halv månad av styreleiaren. Her skreiv ho at ”Styret hadde sjekka opp i dette spørsmålet, og hadde med ei utgreiing på årsmøtet i tilfelle det skulle bli eit problem. Men det vart det ikkje.”

På årsmøtet i Vognhallen no i mai vart utgreiinga igjen etterlyst, men då hadde dei ho ikkje med. Og dei kunne heller ikkje hugsa kva konklusjonen hadde vore.

Artikkelen held fram under annonsen.

Først dagen etter det avlyste årsmøtet fekk me utgreiinga tilsendt på e-post. Den viste seg å vera utarbeidd av Odd Øie sin eigen advokat, Niels-Christian Holm, og han konkluderte med at ingen aksjonær i Os og Fusaposten AS kan røysta for meir enn 10 prosent, heller ikkje som fullmektig.

Men trass i dette, og trass i ein samrøystes høgsterettsdom frå 2012 som sa det same i ei liknande sak, så vil ikkje Odd Øie godta at han ikkje kan røysta for meir enn 10 prosent. No vil styret henta inn assistanse frå endå ein advokat. Det er ein av grunnane til at dei vil utsetja årsmøtet til 24. august.

Eit anna påskot er korona-epidemien. Men korona er vel eit større trugsmål i slutten av august enn komande tysdag, slik landa opnar opp no?

Christian Stabell

Fusa